Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
13.06.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5214494Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 31.05.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Sjukepleiar - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig to faste stillingar på 100 % for sjukepleiar. Stillingane inneber arbeid i snitt kvar 3. helg i todelt turnus.
Om Knarvik Nord Aust heimeteneste
Avdeling Knarvik Nord Aust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling med team med heildøgnsdrift i tillegg til ordinær heimeteneste. Vi har eit stort geografisk område med eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er inspirerande og engasjert. Du kan prioritere i ein travel kvardag, men samstundes skape arbeidsglede når kvardagen vert hektisk. Som sjukepleiar er du løysingsorientert, påliteleg og fleksibel. Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø. I tillegg er du lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du evner å arbeide sjølvstendig, samt i team. I tillegg er du ein sjukepleiar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Vi tilbyr
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Dyktige kollegaer og høg kompetanse
- Fagleg utvikling
- Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Humor og humør
- Årsturnus
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
13.06.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5214494Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 31.05.2023