Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
10.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5062970Se her for andre jobber fra Alver kommune
Alver kommune
Sjukepleiar - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg.
Du kan vel å binde deg i 2 år mot eit tillegg i kr 50.000,- ved tiltrede.
Om Manger heimeteneste
Heimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder der Manger heimeteneste er lokalisert sentralt på Manger. Avdelinga er samansett av sjukepleiarkompetanse, helsefagarbeidarkompetanse og assistentar. Avdelinga har ca 32 årsverk og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy, og til bebuarar som bur i bustad med heildøgnstilbod (bustadene er og sentralt på Manger). Manger heimeteneste kan tilby eit godt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Kompetansekrav
- Autorisert sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel.
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer og høg kompetanse
- Fagleg utvikling
- Humor og humør
- Tilsetjing i samsvar med gjelande lov- og avtaleverk
- For eksterne søkjarar tilbyr vi kr 10.000,- over minsteløn etter ansiennitet etter gjeldande tariffavtale
- Rekrutteringstilskot på kr 50.000,- mot 2 års bindingstid
- God pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
10.04.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5062970Se her for andre jobber fra Alver kommune