• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    07.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4182828
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig på 100 % fast stilling som sjukepleiar frå 01.01.2022. Sjukepleiarstillinga er knytta til team som gjev tenester til ein ung brukar 24/7. Brukar har personale med seg på skule, i heimen og på avlastning. Teamet er godt etablert i dag med faste tilsette - der nokre har delar av stillinga i ordinær heimeteneste i tillegg til team, og andre heile stillinga si i team. Stillinga inneber jobb i snitt kvar 3. helg i todelt turnus. Dersom internt opprykk kan det verte ledig anna stilling.

Om Knarvik Nord/Aust

Teamet er organisert i Knarvik heimeteneste avdeling Nord /Aust. Avdelinga er lokalisert i Knarvik- Geco bygget. Avdelinga har tilsette som gjev tenester til heimebuande og til enkeltbrukarar med fast personale rundt seg. Dei tilsette består av sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Vi er ei avdeling som er i stadig vekst, og har eit stort geografisk område med eit aukande tal brukarar i alle aldrar som treng hjelp. Avdelinga har fokus på  fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø, og jobbar tett saman med andre avdelingar i heimetenesta og tverrfagleg ut mot andre tenester. 

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein del av teamet rundt brukar - utøve helsehjelp i tråd med fastlagte rutinar
  • Andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar ut frå behovet til ein kvar tid

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.  

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B

Andre yrkesgrupper kan verte vurdert dersom relevant helsefagleg utdanning og erfaring.

Personlege eigenskaper

Vi ønskjer ein person som:

  • har gode kommunikasjonsevner
  • ser løysingar framfor problem
  • likar å jobbe tverrfagleg
  • kan jobbe sjølvstendig, men samtidig fungere i eit teamarbeid
  • er trygg i utøving av sitt arbeid opp mot brukar/pårørande og kollega

Erfaring frå team og personlege eigenskaper vert vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Teamtillegg for arbeid i team
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og v arierte utfordringar
  • Dyktige kollegaer og høg kompetanse
  • Fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Humor og humør 

Politiattest

 I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    07.12.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4182828
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.11.2021