• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    09.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5561, BOKN
    BOKN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6691918
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Sjøvakt 2:2 turnus

Ferger

Vi søker no etter ein skipsmotormekanikar som kan styrke mannskapet på eitt av landets største ferjesamband, Arsvågen-Mortavika.

I stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri, ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av rederiet.

Som skipsmotormekanikar blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Du jobbar tett saman med maskinistane og maskinsjefen, og deltek i maskinvakt, vedlikehald, feilsøking og oppgåver knytt til tryggleik og beredskap.

Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og byggje kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du blir ein del av eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø om bord, der samarbeidet på tvers av heile besetninga er ein naturleg del av kvardagen.

Ønskeleg med oppstart snarast. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.

Kvalifikasjoner:

  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
  • Ferdighetssertifikat skipsmotormekaniker 
  • Ferdighetssertifikat grunnleggande og vidaregåande IGF
  • Krise- og passasjerhandtering
  • FSE
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert skipsmotormekanikar som trivast med å jobbe i team, og set sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskaper.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet.
  • Sjøvakt 2 veker på og 2 veker fri. 
  • Treningsrom om bord i fartøyet
  • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
  • Ein bur ombord i arbeidsperioden.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    09.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5561, BOKN
    BOKN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6691918
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA