Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjåfør/helsefagarbeidar til dagavdeling, 100% fast – Straume bu og servicesenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ein flott personalgruppe som saman gjør sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar og assistentar.

Senteret inneheld tre bufellesskap, ein dagavdeling og 28 omsorgsbustader.

Det er no ledig ein fast 100 % stilling som sjåfør/helsefagarbeidar på dagavdelinga hjå oss.    

 

Arbeidsoppgåver:

Du må trives saman med menneske og ynskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukara. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov og du må kunne utføre varierte pleieoppgåver hos dei ulike brukara. Videre bidra til meiningsfylte aktivitetar både i og utanfor bustad.

  • Sjåfør på dagavdelinga
  • Ansvar for inntak av nye deltakare, og utarbeiding av køyrelister i samarbeid med avdelingsleiar
  • Fokus på aktivitet og å skape ein meiningsfylt kvardag for den enkelte
  • Bidra til gode trivselstiltak for heile senteret
  • Miljøarbeid
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Ivareta brukars individuelle behov
  • Dokumentering i fagjournal

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Fagbrev som helsefagarbeidar
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Godkjent politiattest

Ønskjeleg med:

  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid på dagavdeling.

Eigenskapar:

  • Du er engasjert og positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Er ein god teamarbeider
  • Kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evner å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive

 

Anna:

Stillinga er på dagtid

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt: Avdelingsleiar Astrid Geitle 913 19 622

Einingsleiar Trude Myklebust 482 22 316

 

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal gjenspegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.