Ledig stilling

Stavanger Kommune

SFO-medarbeidar

Er du ein varm, raus og tålmodig vaksen som likar å jobbe med barn? Me søkar etter SFO medarbeidar i deltidsstilling.

Fogn oppvekstsenter består av barnehage og skule. Me ligg til i same bygningsmasse og ligg flott til ein kort ferjetur frå Finnøy eller hurtigbåttur frå Stavanger. Me samarbeidar på tvers av barnehage-skule og SFO. 

Me lysar ut ein mindre stilling for SFO. Dette kan vera ein god inngang for fast stilling på oppvekstsentera. Om ynskjeleg vil du få tilbod om vikartimar og auka stilling ut i frå vikarbehov. 

Kvalifikasjoner:

Det er ynskjeleg med erfaring frå SFO eller at du er barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev.
Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn.
Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, bør du kunne dokumentere at du har eit munnleg språknivå tilsvarande B1. Gjelder ikkje søkarar med skandinavisk språk som morsmål.

Personlige egenskaper:

Du er ein trygg, engasjert og inkluderande vaksen saman med barn og du deltar aktivt i leik.
Du har et godt blikk for barn og tar deres perspektiv på alvor.
Du møter barn og føresette med respekt, varme og positiv grensesetting (autorativ).

Du er god på relasjonsbygging og mestrer kommunikasjon også når eit felles munnleg språk manglar.
Du er en god lagspiller og du bidrar med framsnakk og løftande tilbakemeldingar for å gjere teamet og medarbeidarne dine gode. 
Du er fleksibel og du påtar på deg oppgaver og ansvar.

Vi tilbyr:

Lønn som SFO-assistent eller fagarbeidar etter kvalifikasjonar og ansiennitet. 
Ein meiningsfull jobb med en spanande kvardag.
Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.

Moglegheit for auka stilling.


Gode forsikrings- og pensjonsordninger og velferdsordninger.