• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4613642
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 10.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

SFO- leiar/miljørettleiar - vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kaupanger skule er 1-10-skule med elevar frå 6-16 år.  

Skulen ligg i vekstbygda Kaupanger, om lag 10 kilometer frå Sogndal sentrum.              

Det er pr i dag 199 elevar ved skulen, og 45 av desse er på SFO. Det er til saman 36 tilsette( ved skule og SFO 

 

Me har eit mål om at alle elevane våre har ein god og trygg skulekvardag – kvar dag! 

 

Om stillinga 

Stillinga er ei delt stilling mellom det å vere SFO-leiar for Kaupanger skule sin SFO, og miljørettleiar i skulen der ein jobbar med einskildelevar og elevar i grupper. 

Me ynskjer deg som er glad i å jobbe med born & ungdom saman med gode kollegaer i eit godt elevmiljø og arbeidsmiljø! 

Stillinga er eit vikariat frå 01.08.2022-31.07.2023. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Planlegge og organisere SFO-tilbodet saman med SFO-tilsette 

  • Leie SFO-personalet 

  • Kontakt med føresette 

  • Jobbe med born/ungdom individuelt og gruppe i skulekvardagen 

  • Ha medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk målretta arbeid i skule og SFO. 

  • Skape gode relasjonar med barn og vaksne 

  • Bidra til å skape gode aktivitetar i tråd med skulen sine verdiar. 

  • Delta skapande, vere undrande og nysgjerrig 

  • Bidra til å skape eit læringsmiljø som stimulerer til deltaking, undring og læring 

  • Har ansvar for eigne aktivitetar 

  • Delta i utviklingsarbeid 

  • Ta imot rettleiing 

  • Bidra til godt og nært samarbeid mellom barnehage og heim  

 

Kvalifikasjonar: 

  • Arbeidserfaring med born/ungdom frå skule og SFO 

  • Arbeid med born/ungdom i organisert fritidsaktivitet 

  • Erfaring med foreldresamarbeid 

  • Relevant utdanning/kurs i høve det å leie og organisere born & ungdom 

  • Beherske relevante IKT verktøy og system.    

  • Det er ønskjeleg med interesse for, og kompetanse innan tilrettelegging for friluftsliv og fysisk aktivitet for barn.      

  • Det er ønskjeleg med erfaring frå spesialpedagogisk arbeid. 

  • Det vert stilt krav om god skriftleg og munnleg norskkunnskap ved tilsetjing. 

  • Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato. 

 

Personlege eigenskapar: 

  • Glede og interesse for å arbeid med barn 

  • Må ha erfaring frå å jobbe med barn & ungdom, og er kjend med dagens behov borna & ungdomane har. 

  • Må kunne organisere grupper i tilrettelagde aktivitetar 

  • Må kjenne skulesystemet 

  • God relasjonskompetanse 

  • Evne og vilje til samarbeid for eit godt arbeidsmiljø 

  • Omsorgsfull 

  • Engasjert 

  • Løysningsorientert 

  • Gode samarbeid- og kommunikasjonsevner 

Personlege eigenskapar vert vektlagt.  

 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø med kvinner og menn. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkje. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4613642
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 10.05.2022