• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    11.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5210196
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 27.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

SFO-leiar - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ved Knarvik barneskule er det ledig stilling som SFO- leiar frå 1. august 2023.

Skulefritidsordninga skal vere eit tilbod kor barna møter leik, kultur og fritidsaktivitetar, i tillegg til at dei får god omsorg og tilsyn før og etter skuletid. Det er tillagt administrasjonstid til stillinga.  Stillinga er ei arbeidsleiarstilling og er ein kombinasjon av utøvande arbeid i skule og SFO slik at tilsetjinga til saman vert 100 % stilling.  Me søkjer ein person med pedagogisk utdanning, eller anna relevant erfaring og utdanning, som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. Du må vere motivert for å leie og følgje opp barn og tilsette i forhold til sosial og fagleg læring i SFO. 

Om Knarvik barneskule
Knarvik barneskule er ein nybygd skule som ligg sentralt plassert i høve natur og idrettsanlegg midt i Knarvik. Skulen vart teken i bruk i mai 2019 og framstår som ein topp moderne skule der alt ligg til rette for å skapa eit godt læringsmiljø for elevane.
Til skulen ligg og Læringssenteret, eit senter som gjev eit tilpassa undervisningstilbod for elevar med særlege behov frå heile Nordhordland. Skulen har i dag ca. 270 elevar og eit personale på vel 40.

Arbeidsoppgåver:

  • det daglege ansvaret for å leie og administrere SFO, påmelding, brukarlister, vaktlister, aktivitetsplanar m.m.
  • utarbeide årsplanar og vekeplanar med mål og innhald for SFO-tida
  • sikre at SFO-tilbodet er i tråd med Opplæringslova med forskrifter, føresegner, avtalar, vedtekne retningslinjer og planar som gjeld
  • vere ein del av skulen sitt leiarteam
  • ha ansvar for personalmøte og andre møte med tilsette og heimane
  • leggje til rette for eit godt samarbeid med heimen
  • leie SFO-tilbodet som eit fritidstilbod som vert sett i heilskap med skulen si verksemd
  • ansvar for vikarhenting ved fråvær i SFO-tida

Ønskt kompetanse

  • pedagogisk utdanning på bachelornivå eller anna relevant utdanning
  • annan kompetanse kan og vere aktuell, til dømes fagbrev i barne- og ungdomsarbeid
  • fordel med tidlegare erfaring frå SFO-drift, skule, eller anna pedagogisk verksemd
  • må handtere bruk av ulike dataprogram i forhold til sakshandsaming, planarbeid m.m.
  • ønskjeleg med administrativ erfaring og erfaring som arbeidsleiar
  • utdanning/erfaring i forhold til elevar med spesielle behov.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein SFO-leiar som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. I denne jobben må ein vere løysings- og utviklingsorientert og ha vilje og evne til tett samarbeid med kollegaer og føresette. Å jobbe sjølvstendig, ha stor innsatsvilje og ha evne til å inspirere vert viktig i arbeidet med å utvikle SFO-ordninga vår. Å ha ei evne og eit fokus på å byggje relasjonar til barn og vaksne er avgjerande i jobben.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon
  • løn etter avtale basert på utdanning og erfaring
  • pensjon i KLP  og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

Politiattest

Ved tiltrede må det leggast fram Politiattest, jf. Opplæringslova § 10-9 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    11.06.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5210196
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 27.05.2023