• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3234208
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 20.10.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Servicemedarbeider - engasjement i 30 %

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig engasjement som servicemedarbeidar ved BUA Frekhaug og Manger. stillinga er på 30 % ( 11,25 t. pr veke) i tida 01.01.21-31.06.21. 

Vi søkjer deg som er sporty, utadvendt og serviceinnstilt, med god kompetanse på samarbeid, fyskisk aktivitet og frivilligheit. Stillinga skal utvikle BUA vidare i engasjementsperioden, sikre drift og utvikling av tilbudet, og vil innebere høg grad av samarbeid med frivillige enkeltpersonar og frivillige lag og organisasjonar. 

Noko av arbeidstida vert på ettermiddag/kveld, og ein må også pårekne noko arbeid i skuleferiar og helg.  

Om BUA

BUA Frekhaug og BUA Manger er drivne av Frekhaug Frivilligsentral og Manger Frivilligsentral og engasjerte frivillige. Ved å låne ut gratis sports- og fritidsutstyr skal vi bidra til betre folkehelse, mindre skilnadar og lågare forbruk.  BUA Manger og BUA Frekhaug er ein del av det nasjonale BUA-nettverket, som består av 110 utlånsentralar. Vi lånar ut eit breitt spekter av aktivitetsutstyr som ski, skøyter, turutstyr, alpinski og mykje meir.

Frivilligsentralane i Alver er organisert under avdelinga Kulturutvikling, idrett og frivilligheit, som har ansvar for frivilligheit, idrett, friluftsliv, scene, kunst, musikk, kulturminnevern, tilskotsordningar og kulturbygg. Avdelinga er del av tenesteområde kultur, saman med Alver kulturskule, Strilabiblioteket og Ungdom, fritid og medverknad. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle utstyrssentralane BUA Manger og Frekhaug vidare i engasjementsperiode
  • Kvalitetssikring og innkjøp av utstyr
  • Oppfølging av frivillige
  • Rettleie og informere låntakarar.
  • Behandle nettreservasjon og gje elektronisk tilgang
  • Levere ut utstyr
  • Ta i mot og registrere innlevert utstyr.
  • Mindre vedlikehald og reparasjon av utstyr.  utstyr
  • Administrere sosiale medier
  • Markedsføre tilbodet og dele ut informasjon.
  • Vera i kontakt med skular, barnehagar og frivillige organisasjonar.

Kompetanse

 Søkjar må vere fylt 18 år og ha fullført 3 årig vidaregåande skule. Du må ha førarkort klasse B.

  • Det er ønskjeleg med personleg erfaring frå sport og/eller friluftsaktivitet, samt kjennskap til utstyr.
  • Interesse for service, reparasjon - og vedlikehold av sport og/eller friluftsutstyr.
  • Godt humør og positiv serviceinnstilling
  • God samarbeidsevne og er påliteleg.
  • Punktlig og ryddig
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg
  • Gode datakunnskaper. 

 

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spanande stilling, for heile nye Alver kommune
  • Hyggelege, kompetente og engasjerte arbeidskollegaar
  • Høve til å vere med å utvikle kulturtenestene og idrettstiboda i Alver kommune.
  • Sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • Løn og tlsetjing etter lov - og avtaleverk

 

Slik søker du

For meir informasjon om stillinga kan du kontakte Birthe Kråkenes , leiar ved Manger frivilligsentral på tlf 979 71 215 eller sende ein e-post til manger.frivilligsentral@alver.kommune.

Klar for å søkje? Du kjem vidare ved å trykke på knappen "send søknad".  Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-rådgivar hilde.kleivdal@alver.kommune.no

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3234208
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 20.10.2020