Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
04.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5359528Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Servicemedarbeidar kommunalt hjelpemiddellager 100% fast – Helse, meistring og rehabilitering
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Kommunalt hjelpemiddellager er ein del av eininga Helse, meistring og rehabilitering. Her er også ergo- og fysioterapitenesta, friskliv og meistring + terapibasseng. Personalgruppa er sett saman av 45 personar med ulik fagbakgrunn.
Det er fire ambulerande servicemedarbeidarar som arbeider saman om oppgåvene til kommunalt hjelpemiddellager
Arbeidsoppgåver:
- Levering, køyring, montering, vedlikehald, reinhald og reparasjon av tekniske hjelpemiddel
- Montering av div IKT- , høyrsel - og synshjelpemiddel
- Montering og oppfølging av tryggleiksalarmar etc
- Logistikk arbeid
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Førarkort
- Må anten ha fagbrev eller tilsvarande erfaring som viser at ein har jobba med montering/reparering og har teknisk innsikt
- Forståing for logistikk
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå tilsvarande arbeid
- Erfaring med samhandling med personar med nedsett funksjonsevne
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner og vera tolmodig
- Ynskje om å arbeide med personar med nedsett funksjonsevne
- Ha teknisk innsikt
- Fordel med å kjenne Øygarden kommune geografisk
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt: Liv Møen tlf 55096855/ 97540530
Einingsleiar for Helse, meistring og rehabilitering
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
04.10.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5359528Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Sjukepleiar/Vernepleiar 100% fast – Blombakkane Bustader
Øygarden kommune
STRAUME -
Faste helgestillingar, Straume bu og servicesenter
Øygarden kommune
STRAUME -
Faste helgestillinger 15% ved Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Pedagogisk psykologisk rådgjevar 100% vikariat – PPT
Øygarden kommune
Straume -
Helgestillinger ved Kvednatunet
Øygarden kommune
Ågotnes