• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    30.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4625779
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 17.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Servicearbeider - 4 x 7 % faste laurdagsstillingar - Strilabibioteket

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har no ledig fire faste laurdagsstillingar, med arbeid annakvar laurdag. Dette utgjer ei 7 % stilling og arbeidstida er kl 10.00 - 15.15. To av stillingane er i Knarvik, ei stilling er på Frekhaug og ei stilling på Manger.  I tillegg kan du forvente meir arbeid ved å vere tilgjengeleg for tilkalling ved behov/sjukdom/ferieavvikling/prosjekt.

Om Strilabiblioteket 

Strilabiblioteket har tre avdelingar, ein filial og ein bokbuss. Det er laurdagsope på Knarvik, Frekhaug og Manger. På Knarvik er det alltid to på jobb om laurdagen, men på Manger og Frekhaug vil ein vere aleine. Stillingane vil vere annakvar laurdag, og det vil vere mogleg å få fleire vaktar ved sjukdom og ferieavvikling. For rette vedkomande kan det og bli høve til enkelte prosjektoppdrag innan arrangement, særleg formidling av litteratur eller verkstadoppdrag for barn og ungdom.

Arbeidsoppgåver

  • Skranke og anna service til brukarane av biblioteket 
  • Litteraturformidling
  • Formidling av digitale tilbod og verktøy
  • Hyllerydding og oppstilling
  • Legge til rette for arrangement, sette opp stolar, ønske velkommen, styre lyd og lys.

Ekstra prosjektoppdrag vil vere aktuelt for deg som ønskjer erfaring innan utvikling av arrangement innan ulike tema, eksempel eventyrstund, ulike verkstadaktivitetar eller kanskje innhald til SoMe og nettstad.

Kompetanse

  • Du er gjerne ein student innan formidling, litteratur, kultur eller mediefag
  • Du har god digital kompetanse
  • Du er over 18 år.
  • Du har gjerne erfaring frå bibliotek

  •  

    Du har gjerne formidlings- og /eller arrangementerfaring

Våre forventningar til deg 

  • Du er glad i å hjelpe publikum i alle aldre  
  • Du har interesse for litteratur, formidling og digitale verktøy
  • Du ønskjer å lære og utvikle gode bibliotektenester
  • Du er sjølvstendig, serviceinnstilt og strukturert
  • Du er løysingsorientert og initiativrik

Personleg eignaheit vert vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Ei utviklnade deltidstilling der du får sjansen til å lære, arbeide sjølvstendig og yte god service til biblioteket sine gjestar. 
  • Lønn-og tilsetjinsvilår etter lov- og avtaleverk 

Skriv i søknaden din kva avdeling du ønskjer å jobbe i. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    30.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4625779
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 17.05.2022