• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    22.06.2021
  • Sted:
    HORTEN
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTFOLD OG TELEMARK
  • Arbeidssted:
    HORTEN
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3883554
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Seniorrådgivar miljø- og analyseavdelinga

Kystverket

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket er tillagt oppgåver i samband med forskriftene om akutt forureining i forureiningslova. Kystverket utøver myndigheit innan akutt forureining, har operativt ansvar for statens beredskap mot akutt forureining og ansvar for forvaltningsoppgåver relatert til fagområdet. 
Stillinga inngår i miljø- og analyseavdelinga i verksemdsområdet Miljøberedskap med kontorstad for tida Horten. 

Kvalifikasjoner:

  • Høgare utdanning innan naturvitskaplege fag/miljøfag, gjerne med kjemi i fagkrinsen
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Erfaring frå offentleg forvaltning, fortrinnsvis innan natur- og miljøfag er ønskeleg
  • Omfattande og relevant erfaring innan aktuelle fagområder kan kompensere for manglande formell utdanning

Personlige egenskaper:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, høg arbeidskapasitet og evne til å ta initiativ
  • Fleksibel, løysingsorientert og nytenkande
  • Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er "framtidsretta, engasjert og påliteleg"  

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Ei utfordrande stilling med utviklingsmogelegheiter
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Ferieheimsordning ved nokre av fyra til Kystverket
  • Avtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Noko reiseverksemd må påreknast 

Den som vert tilsett må pårekne å bli del av Kystverket si beredskapsvaktordning. 

Stillinga er plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar, ltr 64 -76, frå brutto kr 575 600 til brutto kr 726 400.

 

Anna

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 
Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

 
  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    22.06.2021
  • Sted:
    HORTEN
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTFOLD OG TELEMARK
  • Arbeidssted:
    HORTEN
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3883554
  • Se her for andre jobber fra Kystverket