Ledig stilling

Statistisk sentralbyrå - SSB

Seniorrådgivar for helsestatistikk

Offentlig forvaltning

I Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk er det ledig ei fast stilling som seniorrådgivar. Du vil blant anna jobbe med å utvikle statistikk over pasientar på sjukehus og registerstatistikk om personar med nedsett funksjonsevne.

Vi ser etter ein person med god kjennskap til helsesektoren, god forståing av statistikkproduksjon og god kompetanse på databehandling. Du vil samarbeide med lokale, regionale og statlege styresmakter i datainnsamling, statistikkproduksjon og analysearbeid, og vi ønskjer ein som kan vere ein pådrivar i utvikling av ny og viktig statistikk. Seksjonen er som SSB elles midt i eit spennande teknologiskifte, der nye kodespråk og nye produksjonsmiljø skal lærast og bli tatt i bruk. Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk er ein av seks seksjonar på Avdeling for person- og sosialstatistikk i SSB.

Kvalifikasjoner:

  • Utdanning på hovudfags-/masternivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. 
  • Gode IT-kunnskapar, til dømes i bruk av programmeringsspråk som SAS EG, Python, R eller tilsvarande. 
  • God munnleg og skriftleg i norsk.
  • Sterk interesse for å bruke data og formidle kunnskap. 

Det er ønskeleg med:

  • erfaring frå statistikkproduksjon og gjennomføring av statistiske undersøkingar er positivt, og sektorkompetanse innanfor helse- og omsorgssektoren eller på ulike velferdsområde er ein fordel
  • erfaring med bruk av data frå administrative register

Personlige egenskaper:

  • Nøyaktig, metodisk og likar å arbeide med tal.
  • Har gode evner til samarbeid og bidrar positivt i team.
  • Evne til å følgje opp fleire problemstillingar, samtidig som fristar blir haldne.
  • Oppteken av å tileigne deg naudsynt kunnskap og kompetanse og halde den ved like.
  • Analytisk og oppteken av å trekkje ut og presentere essensen av komplekse problemstillingar.
  • Tar initiativ og bidrar til framdrift.

Kvifor skal du velje oss?
Hos oss vil du vere del av eit godt fagleg miljø med gode moglegheiter for eigenutvikling og fagleg fridom. Me er ein kunnskapsrik organisasjon med meiningsfulle og spanande oppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Me har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø.

Vi tilbyr:

  • Løn som seniorrådgivar (kode 1364) i lønsspenn frå kr 646 000 til 846 000 etter kvalifikasjonar. 
  • Gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Me har nytilsettprogram, årleg hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers.
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø.
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Treningstilbod med moglegheit for ein time trening i veka, i arbeidstida, med treningsrom i kontorlokala.

Verdt å merke seg før du søker:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/bli lagt ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som blir innkalla til intervju blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Me utfører kontroll av dokument, og me gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.
  • Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaran har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
  • Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar kvalifiserte til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevne eller hol i CV. Søkjarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, må vere innforstått med at denne opplysninga kan brukast til registreringsformål jf. arbeidet til regjeringa med inkluderingsdugnaden.
  • Som IA-verksemd legg me forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.