• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.02.2024
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5489445
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 20.01.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Ferievikar - Sjukeheim - Sogndal (SHOS)

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttid/rehabavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal der både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Dette gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

 

Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2024 til kortids og langtidsavdelinga på Sogndal helse og omsorgssenter.

Arbeidsperioden vil vere i tida 17.06.2024 - 18.08.2024 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden når det passar best for deg å jobbe. Søkjare som kan jobbe store delar av sommaren vert prioritert.

Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Helsehjelp til eldre på sjukeheim
  • Oppfølging av ernæring
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet

 

Kvalifikasjonar:

  • ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • vere fylt, eller fylle 18 år i 2024

 

Personlege eigenskapar:

  • evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
  • oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
  • Imøtekommande

 

Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:

  • Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
  • Politiattest av ny dato.

 

Me tilbyr:

  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
  • Løn etter tariff jf. HTA.
  • Bistand med å skaffe bustad.

 

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    15.02.2024
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5489445
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 20.01.2024