• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    01.06.2021
  • Sted:
    HAUGESUND
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    ROGALAND
  • Arbeidssted:
    HAUGESUND
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3746792
  • Se her for andre jobber fra Kystverket

Senioringeniør innan IKT

Kystverket

Offentlige tjenester og forvaltning

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har ei brei samhandlingsflate innan samferdsel og mot andre samfunnsaktørar. Vi samarbeider internasjonalt både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverket er frå 1.1.2021 funksjonsorganisert med fire verksemdsområder, der eit av desse er navigasjonsteknologi og maritime tenester. Hovudfunksjonen og ansvaret for dette verksemdsområdet er å forvalte, utvikle og drifte den "digitale" infrastrukturen, drive overvaking/styre sjøtrafikken og utøve losmynde. Ei av avdelingane innan verksemdsområdet er avdelinga for navigasjonsteknologi og losforvalting. Avdelinga har m.a. ansvar for utvikling og drift av sentrale system og sensorar, og for utvikling og implementering av digitale tenester i Kystverket. Blant desse er meldingstenesta SafeSeaNet, losfagsystemet Njord, skipsidentifikasjonssystemet AIS, radionavigasjonssystemet DGPS, og utvikling av VDES-systemer basert på den nye internasjonale standarden for toveis-kommunikasjon til sjøs.

I tillegg har avdelinga ansvar for teknisk drift og utvikling av operative system for Kystverket sine sjøtrafikksentraltenester. Avdelinga har og ansvar for godkjenning av farledsbevis og sertifisering av losar, samt opplæring og sertifisering av trafikkleiarar. Vidare er avdelinga ein viktig bidragsytar med juridisk, nautisk og teknisk kompetanse innan autonome løysingar.

 

Kvalifikasjoner:

  • Høgare utdanning  frå universitet eller høgskule, innan IKT-området  fortrinnsvis på master/sivilingeniør-eller bachelor nivå.
  • Bred erfaring,  fortrinnsvis innan område som til dømes utvikling og forvaltning av digitale system, geografisk data, databasar, systemutvikling, web teknologirisikostyring, teknologi, database, datatrygging, systemutvikling, smidig utvikling eller andre relevante fagområde.
  • Omfattande og relevant erfaring innanfor fagområdet kan kompensere for det formelle utdanningskravet
  • Den som tilsettast må kunne sikkerheitsklarerast på nivå hemmeleg
  • Gode skriftlege og munnlege eigenskaper på norsk og engelsk  

Personlige egenskaper:

  • Innovativ, sjølvgåande og strukturert 
  • Evne til å kunna sette seg inn i nye dataverktøy og teknologiar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter,  samt evne til å kunne jobbe i tverrfaglege team

Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverket sine verdiar.

Vi tilbyr:

  • Du vil inngå i ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø og med brei erfaring og tverrfagleg kompetanse som samarbeider breitt med andre etatar, FoUI-miljøer og industri.
  • Du vil få ansvar og oppgåver i utviklingsprosjekt med leveransar innan brukarvennlege geografiske system og datatenester. Mange av prosjekta framover vil fokusere på å levere nye digitale tenester for sikker, effektiv og berekraftig sjøtransport.  Dette omfattar òg tilrettelegging av informasjon for framtidige autonome system og maritim ITS.
  • Du påvirkar samfunnsutviklinga og får bidra til løysingane i framtida på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikla deg både fagleg og personleg.   
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidskvardag og få gjennomslag for eigne idear
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1181 senioringeniør. Stillinga lønast frå kr 575 600 (ltr 64) til kr 726 400 (ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar

Arbeidsstad er for tida Haugesund

Anna
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring oppfordrast til å søkje. Kystverket arbeidar målretta med å realisere regjeringa sine inkluderingsmål. I dette ligg det bl.a at vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er behov for det. Informasjon om søkjer som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsformål.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil i så fall bli varsla om det. Søkjarar som oppgjer at de har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan bli brukt til registreringsføremål.

 
  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    01.06.2021
  • Sted:
    HAUGESUND
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    ROGALAND
  • Arbeidssted:
    HAUGESUND
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3746792
  • Se her for andre jobber fra Kystverket