Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
21.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4682902Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 07.08.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Senior IKT-konsulent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal kommune har i dag ein IKT-avdeling på 7 personar. Hovudoppgåva er å levere gode IKT-tenester internt i kommunen, samt gode digitale tenester til innbyggjarane våre. Målsettinga er at Sogndal skal bli ein heildigital-kommune.
Arbeidsoppgåver
• Vera med å utvikle Sogndal kommune til ein digital kommune med moderne, digitale,
effektiviserande og kostandseffektive løysingar
• Driftsoppgåver innan IKT
• Delta og leie digitaliseringsprosjekt
• Tekniske løysingar som medverkar til effektiv innbyggjarinvolvering og brukarmedverknad; strategi
og praktisk oppfølging.
Formalkompetanse:
• Ynskje med relevant utdanning frå høgskule/universitet. Relevant praksis kan erstatte formell utdanning.
Realkompetanse:
• Erfaring frå og med ikt utvikling og drift.
• Kompetanse og erfaring med Active Directory og Microsoft-plattform
• Kompetanse og erfaring med Microsoft 365 og innføring/opplæring i organisasjonen
• Erfaring med prosjektleiing.
• God og trygg formidlingsevne, skriftleg og munnleg på norsk
• Fagleg oppdatert, analytisk, effektiv, ryddig og nøyaktig
Personlege eigenskapar:
• Evne til å arbeide sjølvstendig.
• Fleksibel, dynamisk.
• Vere positiv og engasjert.
• God formidlingsevne.
• Gode samarbeidseigenskapar.
• Strukturert og engasjert.
• Løysingsorientert.
Me kan tilby
• 100% fast stilling med oppstart etter avtale
• Ein variert kvardag med spennande oppgåver
• Ein lærerik arbeidsplass som fokuserer på at framtida er digital
• Eit godt arbeidsmiljø med godt samhald
• Gunstig pensjonsordning og ulukkes- og gruppelivsforsikring
• Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA)
• Løn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
21.08.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4682902Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 07.08.2022