Bedrift
Helse Sør-øst RHFSøknadsfrist
01.11.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5059, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
6742122Se her for andre jobber fra Helse Sør-øst RHF
Helse Sør-øst RHF
Senior avtaleforvaltar/avtaleforvaltar
Offentlig forvaltning
Vil du bidra til at avtalane vi inngår gir verdi i praksis – for sjukehusa i Noreg, pasientane og samfunnet?
Sjukehusinnkjøp HF er eit nasjonalt helseføretak med ansvar for å gjennomføre og forvalte anskaffingar på vegner av alle sjukehus i Noreg. Vi er kategoriorganiserte og inngår avtalar på alt frå medisinsk utstyr og legemiddel til bygg, IKT og tenester – og følgjer dei tett opp i heile avtaleperioden. Dette gjer oss til ein av Noregs største innkjøpsorganisasjonar, med eit sterkt fagmiljø innan offentlege anskaffingar, kontraktsforvaltning og leverandøroppfølging.
Til divisjonen for IKT & entreprise ønskjer vi ein kollega til teamet vårt for avtale- og leverandøroppfølging innan kategoriane IKT og entreprise.
Stillinga høyrer til avdelinga som har ansvar for forvaltninga av porteføljen av kontraktar innan desse kategoriane.
Som avtaleforvaltar får du ansvar for å følgje opp ein portefølje av avtalar frå implementering og gjennom avtaleperioden. Du får også ansvar for å handtere førespurnader og saksbehandling i grensesnittet mellom kundane (sjukehusa) og leverandørane.
Som ein del av teamet vil du også bidra til å utvikle kategorikompetansen vår, og forbetre arbeidsprosessane, samtidig som du får gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Du blir ein del av eit solid fagmiljø i kontinuerleg utvikling, med engasjerte kollegaer, tydeleg samfunnsoppdrag og eit svært godt arbeidsmiljø.
Din kontorstad vil bli i Bergen eller Stavanger.
Visjonen vår er: Sjukehusinnkjøp HF leverer den beste avtalen for helseføretaka. Kvar gong!
Våre verdiar er:
- nytenkjande
- kunnskapsrik
- engasjert
- profesjonell
Dette skal liggje til grunn for alt vi gjer i Sjukehusinnkjøp HF, og det er viktig at du kan identifisere deg med og jobbe etter desse verdiane.
Kvalifikasjoner:
- Relevant høgare utdanning (t.d. administrasjon, økonomi, IKT, bygg, jus)
- Erfaring frå kundeservice og kontraktsforvaltning
- Erfaring med IKT- og/eller byggjekontraktar som Statens Standardavtaler (SSA) og/eller Norsk Standard (NS)
- Ønskjeleg med erfaring frå IKT- og/eller byggjeprosjekt
- Kjennskap til offentlege anskaffingar er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlige egenskaper:
- Forretningsforståing, ser moglegheiter og finn gode løysingar
- Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til ansvarsområda
- Trivst med moderne prosessorientert og IKT-basert arbeidsflyt
- Serviceinnstilt og med gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Ser heilskap, men har også eit skarpt blikk for detaljar og systematikk
Vi tilbyr:
- Ei viktig rolle med stor samfunnsverdi – du bidreg til at sjukehusa får det dei treng
- Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
- Moderne kontorlokale og fleksibel arbeidskvardag
- Tett oppfølging i opplæringa og støtte frå erfarne kollegaer
- Moglegheit for både fagleg fordjuping og utvikling over tid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Livsfaseorientert personalpolitikk
- Moglegheit for trening i arbeidstida
Lønnsspenn for stillinga er 700 000 - 850 000.
Om rekrutteringsprosessen
Søkere som blir vurdert som mest kvalifiserte, blir innkalla til intervju. Vi nyttar vanlegvis arbeidspsykologiske testverktøy og har to intervjurundar i tillegg til sjekk av attestar og referansar.
Alle søkjarar får tilbakemelding på søknaden sin, uavhengig av utfallet. Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeide offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg må du grunngi dette i søknaden. Du vil bli kontakta dersom ønsket ikkje blir innvilga, og får høve til å trekkje søknaden, jf. offentleglova § 25.
Bedrift
Helse Sør-øst RHFSøknadsfrist
01.11.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5059, BERGEN
BERGEN
Antall stillinger
1karriere-kode
6742122Se her for andre jobber fra Helse Sør-øst RHF