Bedrift
KystverketSøknadsfrist
01.02.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6002, ÅLESUND
ÅLESUND
Antall stillinger
1karriere-kode
3372844Se her for andre jobber fra Kystverket
- Oppdatert 14.01.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kystverket
Seksjonsleiar planlegging
Offentlige tjenester og forvaltning
Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremjar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsle, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.
Kystverket er no i omstilling. Frå 01.01.2021 er Kystverket funksjonsorganisert med fire ulike verksemdsområder, der eit av desse er transport, hamn og farlei. Ei av avdelingane i transport, hamn og farlei er avdelinga for reiarlag, fyr og sjømerking, og vi søker no etter leiar for planleggingsseksjonen som inngår i denne avdelinga. Seksjonsleiaren har mellom anna ansvar for at seksjonen sikrar og vidareutviklar plankvaliteten på tvers av tidlegare regionsgrenser, slik at Kystverket får utført fleire oppdrag. Leiaren har personalansvar for om lag 35 tilsette i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg i tillegg til fag- og budsjettansvar. Leiaren rapporterer til avdelingsleiar for reiarlag, fyr og sjømerking , og inngår i avdelinga si leiargruppe. Stillinga er plassert i Ålesund.
Ein del reiseverksemd må påreknast.
- Leie ein seksjon som har dedikerte ansatte ved Kystverket sine kontor i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg
- Overordna ansvar for plankvaliteten
- Delta i avdelinga si leiargruppe, samt samhandle med dei andre seksjonsleiarane for å finne forbetringsmoglegheiter
- Bidra til smidig gjennomføring av planane
- Sikre god informasjon til utførande ledd
- Leie vidareutviklinga av arbeidet med årsplanar
- Følge opp framdrift i planleggingsprosessen
- Sikre godt tverrfagleg samarbeid
- Andre oppgåver kan tilkomme
- Høgare utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne teknisk/fagleg retta innan nautikk, bygg, plan eller maskin
- Erfaring innan områder som planarbeid, offentleg forvaltning og prosjektarbeid er ønskeleg
- Erfaring med prosjektarbeid som inkluderer fleire fag som nautikk, bygg, elektro eller lignande er ønskeleg
- Administrativ og relevant operativ erfaring vil vere ein fordel
- Leiarerfaring er ønskeleg, og erfaring med leiing av geografisk spreidde medarbeidarar vil òg vere ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
- Initiativrik
- Sjølvstendig, med gode evner for samarbeid og gjennomføring
- God sosial kompetanse
- Trivst med både teoretiske og praktiske oppgåver
- Sakleg med høg integritet
Vi legg til grunn at du er framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverket sine verdiar
- Eit godt, dynamisk og til tider hektisk arbeidsmiljø med interessante arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid
- God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
- Ferieheimsordning for tilsette på nokre av fyra til Kystverket
- Stillinga er plassert i kode 1211 seksjonssjef. Løn frå kr 643 000 (ltr. 70) til kr 744 600 (ltr. 77), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
- Arbeidsstad er for tida Ålesund
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke på stillinga.
Bedrift
KystverketSøknadsfrist
01.02.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlige tjenester og forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6002, ÅLESUND
ÅLESUND
Antall stillinger
1karriere-kode
3372844Se her for andre jobber fra Kystverket
- Oppdatert 14.01.2021