Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
07.10.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5891311Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Askvoll kommune
Seksjonsleiar 100% vikariat ved bu- og miljøtenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helse- og omsorgsetaten søkjer etter seksjonsleiar for Bu- og miljøtenesta i 100% vikariat frå
01.11.2024 – 31.10.2025
Seksjonsleiar har ansvar for aktivitetstilbod, butilbod i omsorgsbustadar, tiltak i heim,
koordinatoransvar, BPA, omsorgsløn m.m.
Stillinga er administrativ, med arbeid etter 37,5 t/veke og har kontorfellesskap med 2 andre seksjonsleiarar.
Arbeidsoppgåver:
• Dagleg drift av seksjonen etter oppsette mål og rammer
• Budsjett- og personalansvar
• Sakshandsaming
• Turnusarbeid
• Koordinatoransvar
• Internkontroll
• Samarbeid og samhandling med andre seksjonar og faggrupper i 1. og 2. linetenesta
Kvalifikasjonar:
• Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, eller anna relevant bachelorutdanning
• Leiarerfaring og vidareutdanning innan leiing og administrasjon er ynskjeleg
• Gode datakunnskapar og kjennskap til turnusarbeid
• Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Vi ynskjer ein person som er tydeleg og har evne til å leie andre
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Ryddigheit og kunne arbeide effektivt er viktige eigenskapar i eit hektisk miljø
- Løysningsorientert
- Er sjølvstendig og jobbar godt i team
- Godt humør og positiv innstilling er andre ønskelige egenskaper.
Vi tilbyr:
- Sjølvstendig stilling
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
- Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
- Offentleg forsikring og pensjonsordning (KLP)
- Løn etter avtale
- Flyttegodtgjersle , jf. personalhandbok for Askvoll kommune
- Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad
- Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
07.10.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5891311Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
-
Fagarbeidar Nipa barnehage - 40% fast stilling
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Spesialpedagog/Pedagogisk leiar Gjelsvik barnehage - 80% vikariat
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Rettleiar NAV Askvoll - 100% fast stilling
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Undervisningsstillingar ved Askvoll skule
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Tilkallingsvikarar og helgevikarar - Omsorgsetaten
Askvoll kommune
ASKVOLL