Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
21.09.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5356589Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Samfunnsplanleggar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sula kommune er ein spennande kommune i utvikling og vekst. Vår organisasjonsstruktur er i dag i endring med mål om å møte både dagens og framtidas behov for kompetanse og tverrfagleg samarbeid. For å sikre teneste og drift av høg kvalitet treng vi gode planar for framtida. Med dette byggjer kommunen eit rådgjevarteam nær leiargruppa der ansvaret er å støtte administrasjonen i gode saksutgreiingar, samt politikarane med gode avgjerdsler.
Alt til det beste for Sula sine innbyggjarar.
Stillinga som samfunnsplanleggar vil vere ein del av dette teamet. Vår nye samfunnsplanleggar vil ha eit utstrakt samarbeid med administrativ og politisk leiing samt med dei enkelte einingane innan helse- og omsorg, oppvekst, kultur og teknisk sektor. Stillinga rapporterer til kommunalsjef for organisasjon og utvikling. Kommuna har nynorsk som administrasjonsspråk.
Kvalifikasjoner:
* Relevant høgare utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
* Erfaring innan ulike former for strategi- og planarbeid kan kompensere for utdanningskravet
* God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
* Komfortabel med bruk av digitale planverktøy
* Gode samarbeidsevner og god motivasjon for å arbeide i team
* Evne til å koordinere mot ulike aktørar
Personlige egenskaper:
* Kunne sette deg inn i nye arbeidsoppgåver, tileigne deg ny kunnskap og vere omstillingsdyktig
* Samfunnsengasjert
* Stor arbeidskapaisitet kombinert med god gjennomføringsevne
* Positiv og løysingsorientert
* Ein bidragsytar til eit godt og produktivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
* Ei essensiell rolle i utvikling av Sula kommune
* Menneskeleg og fagleg utvikling
* Eit tett og engasjert team med ulik bakgrunn og kompetanse
* Ein arbeidsdag prega av humor og arbeidsglede
* Fridom til å løyse oppgåver saman med andre og på eiga hand
* Fleksibel arbeidstid
* Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
21.09.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5356589Se her for andre jobber fra Sula kommune