• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2021
  • Sted:
    SOGNDAL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    SOGNDAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3919404
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Sakshandsamer/tiltakskonsulent

Sogndal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogn barnevern søkjer etter nye kollegaer – både sakshandsamarar og tiltakskonsulentar

Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Sogndal og Luster, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har i dag i overkant av 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge.

 

Sogn barnevern har ledig følgjande stillingar: 2 X 100% faste stillingar som sakshandsamar / kontaktperson – frå snarast

100 % vikariat som sakshandsamar / kontaktperson – frå snarast og fram til 01.08.22

100 % fast stilling som tiltakskonsulent – frå snarast

100 % vikariat som tiltakskonsulent – frå snarast og fram til 01.08.22

 

Arbeidsoppgåver:

Som sakshandsamar / kontaktperson vil du arbeide med generell sakshandsaming etter barnevernslova, og du vil få ansvar for både undersøking og oppfølging av ulike type tiltak. Som tiltakskonsulent vil du arbeide med tiltak inn i familiane etter oppdrag frå sakshandsamar.

Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar for tenesta vår. Vi er oppteken av at gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv vert fylgde. Som tilsett i Sogn barnevern er du ansvarleg for å samarbeide godt i lag med alle våre brukarar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid.

Som tilsett i Sogn barnevern må du rekne med ein del reising, og den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil ved tenestereiser.

 

Kvalifikasjonar:

· Minimum kompetanse tilsvarande 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog eller sosionom.

· Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.

· Erfaring frå kommunalt barnevern/tilgrensande tenester.

· Erfaring frå sakshandsaming og terapeutisk tiltaksarbeid.

· Kompetanse innanfor rettleiing og foreldrestøttande program.

· Bilsertifikat.

 

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer fagleg engasjerte personar som likar å jobbe sjølvstendig og saman med andre. Du må vere ansvarsbevisst, kunne ta eigne initiativ og vere lydhøyr. Du må kunne arbeide på tvers i organisasjonen, ha gode haldningar og sjå verdien av tverrfagleg samhandling. Du er lojal, fleksibel, sjølvstendig, målretta og analytisk.

Vi vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga.

 

Spesielle vilkår for stillinga:

· Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.

· Søkjar må kunne stille med eigen bil i tenesta.

 

Me tilbyr:

- Ein spanande og god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar og spanande arbeidsoppgåver der det dagleg vert jobba med å kvalitetsutvikla tenestene våre.

- Løn etter avtaleverket.

- Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 
  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2021
  • Sted:
    SOGNDAL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    SOGNDAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3919404
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune