Detaljer

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    24.01.2021
  • Sted:
    SOGNDAL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    SOGNDAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3359794
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Sakshandsamer Sogn barnevern

Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Sogndal og Luster, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har 15,5 årsverk som arbeidar for å sikre gode tenester til barn/unge og deira familiar. Busetjing av einslege mindreårige flyktningar ligg og til Sogn barnevern som eiga avdeling med eigne tilsette.

Grunna foreldrepermisjon har Sogn barnevern ledig 2 x 100% vikariat som sakshandsamar. Ynskja oppstart snarast t.o.m. 30.07.2022, med moglegheit for forlenging/fast tilsetjing.

 

Arbeidsoppgåver:

· Sakshandsaming jf. barnevernslova.

· Som sakshandsamar er du ansvarleg for oppfølging av saker ifrå undersøking til iverksetting og oppfølging av tiltakssaker/omsorgssaker.

· Sogn barnevern har utarbeida gode prosedyrar og rutinar i høve sakshandsaming. Me er opptekne av at gjeldande lovverk, forskrifter og rundskriv vert fylgde.

· Som tilsett i Sogn barnevern er ein ansvarleg for å arbeide mot eit godt samarbeid med alle våre brukarar og samarbeidspartnarar, og å delta i barnevernstenesta sitt utviklingsarbeid.

· Som tilsett i Sogn barnevern må ein rekne med ein del reising, og den som vert tilsett må ha eigen bil som ein nyttar ved tenestereiser. All tenestereising vert godtgjort etter til ein kvar tid gjeldande satsar.

 

Kvalifikasjonar:

Me krev fylgjande kvalifikasjonar:

· Minimum kompetanse tilsvarande 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning som sosionom eller barnevernspedagog.

· Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.

Me ynskjer fylgjande kvalifikasjonar:

· Master utdanning.

· Erfaring frå kommunalt barnevern/tilgrensande tenester.

· Erfaring med bruk av fagprogrammet Familia.

 

Personlege eigenskapar:

· Me søkjer fagleg engasjerte personar som likar å jobbe sjølvstendig og saman med andre.

· Du må vere ansvarsbevisst, kunne ta eige initiativ og vere lydhøyr. Du må vere lojal, fleksibel, proaktiv og analytisk.

· Du må kunne arbeide på tvers i organisasjonen, ha gode haldningar og sjå verdien av tverrfagleg samhandling.

· Ut frå personalgruppa si samansetning vert menn oppmoda om å søkje.

 

Spesielle vilkår for stillinga:

· Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.

· Søkjar må kunne stille med eigen bil i tenesta.

 

Me tilbyr:

· Ein spanande og god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar og spanande arbeidsoppgåver der det dagleg vert jobba med systematisk kvalitetsutvikling av tenestene våre.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar.

· Gode velferdsordningar.

· Løn etter avtaleverket.

· Ekstra km-godtgjerdsle på kr. 1,70 pr. km utover staten sine satsar.

· Treningstilbod for tilsette.

 

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.