• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    09.12.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3297871
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 01.12.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sakshandsamar i 50% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig eit vikariat i 50% stilling som sakshandsamar ved forvaltningskontoret for helse- og omsorgstenester i Alver kommune fram til 01.06.21 med mulig forlengelse.

Om Forvaltningskontoret

Forvaltningskontoret har ansvar for sakshandsaming av søknader om helse-og omsorgstenester for alle innbyggarar i nye Alver kommune. Kontoret ligg i Alver rådhus i Knarvik og har dyktige medarbeidarar med tverrfagleg kompetanse. Som sakshandsamar får du mange spanande oppgåver, eit godt arbeidsmiljø og mulegheit for fagleg og personleg utvikling. Forvaltningskontoret har god samhandling med dei ulike tenestene som utøvar helse- og omsorgstenester.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming av søknader primært for brukarar innan fagområdet psykisk helse og rus. Sakshandsaming inneber diaolog og samhandling med søkar, kartlegging av behov for tenester ( t.d. ved heimebesøk), og å fatte vedtak i tråd med regelverket.
  • Tilby brukarar og pårørande råd og rettleiing innanfor fagfeltet psykisk helse og rus.
  • Ha dialog med utøvande tenester i kommunen, i sær tenesta for psykisk helse og rus.  
  • Samhandling med andre kommunale aktører og spesialisthelsetenesta, herunder initiere og gjennomføre samarbeidsprosesser og lede samarbeidsmøter.
  • Handtering av PLO-meldinger innan fagområdet psykisk helse og rus (elektronisk samhandling med fastlege og spesialisthelstetenesta).
  • Samarbeide med andre sakshandsamarar med tilsvarande oppgåver på kontoret.
  • Bidra i forbetring – og utviklingsarbeid på forvaltningskontoret, primært  innanfor fag- og saksområdet psykisk helse og rus.

Kompetansekrav

  • 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning
  • Vidareutdanning i psykisk helse og rus
  • Minst 2 års erfaring frå arbeid med brukarar/pasientar innan fagområdet psykisk helse og rus
  • Relevant erfaring i forhold til arbeidsoppgåvene som inngår i stillinga

Ønskt kompetanse

Det er ein føremon om du har vidareutdanning i helserett. Det er også eit føremon om du har erfaring frå sakshandsaming etter helselovgivinga og forvaltningslova.

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på følgande personlege eigenskapar:

  • Du er strukturert, effektiv  og sjølvstendig
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er fagleg trygg, og evne til å bidra inn i eit godt tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er engasjert og fleksibel
  • Du har gode formuleringsevner, både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Et hyggelig arbeidsmiljø

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    09.12.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3297871
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 01.12.2020