• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    24.02.2022
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4310507
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Sakshandsamar barnevern - fosterheimsavdeling

Alver kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga/stillingane

Barneverntenesta har ledig fast stilling i tenesta si avdeling for fosterheim. Andre vikariater kan bli ledig, aktuelt å tilsetje i samstundes.

Om arbeidsstaden

Alver barnevernsteneste er lokalisert i Helsehuset i Knarvik/ Nordhordland. Barnevernstenesta består av tenesteleiar, kontorfaglege, samt i alt fem avdelingar: mottak – og undersøking, tiltak, familierettleiing, fosterheim og eige avdeling for einslege mindreårige. Tenesta har òg ei stilling som samarbeids – og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar. Tenesta som heile består av i overkant 50 tilsette.

Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er  vidare særleg oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse.

Barneverntenesta deltek i diverse prosjekter og har fokus på utvikling og kompetanseheving for den enkelte medarbeidar og tenesta som heilskap. Frå 2022 skal kommunalt barnevern overta oppgåver frå statleg barnevern. Desse oppgåvene skal i stor grad utøvas frå avdeling for fosterheim.

Arbeidsoppgåver:

Saksbehandling i henhold til Lov om barneverntjenester.

Fosterheimsavdelinga er ei avdeling i stadig utvikling. Me er ein engasjert avdeling som er oppteken av å ivareta born og familiar på en god måte. Arbeidsoppgåvene er varierte og samansett. Som sakshandsamar i fosterheimsavdelinga jobbar ein mest opp mot fosterheimar og fylgjer opp born og vaksne gjennom oppfølgingsbesøk, samarbeid med andre involverte instansar og oppfølging biologiske foreldre. Me fyljer og opp ungdom på ettervern som har vore under omsorg av barneverntenesta og som er fylt 18 år.

Frå 01.01.22 har kommunen overtatt alt ansvar som angår oppfølging av kommunale fosterheimar og dette betyr mellom anna at våre sakshandsamare har eit utstrakt samarbeid med tenesta sine familierettleiara, både knytta til den enkelte fosterheim og biologisk foreldre, samt knytta til gruppetilbod og kursvirksomheit.

Kompetansekrav og personlege eigenskaper

Utdanningskrav tilsvarende barnevernpedagog eller sosionomutdanning.

  • Søkjar bør ha erfaring frå barnevernsfeltet
  • Søkjar må ha gode relasjonelle evner
  • Søkjar må ha gode samarbeidsevner
  • Vera arbeidsam og ansvarsmedviten
  • Søkjar må vera fleksibel og kunna tilpassa seg ulike menneske og miljø
  • Erfaring frå fosterheimsarbeid er ønskeleg.
  • God skriftleg – og munnleg framstillingsevne

Personlege eiegenskaper i forhold til stillinga vil vera avgjerande i val av kandidat til stillinga

 Vi tilbyr:

  • At du kjem til ei teneste med godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og til ei teneste i spanande utvikling.

    • Sjølvstendig fleksibelt arbeid
    • Fagutvikling på fleire ulike område
    • Intern og ekstern rettleiing
    • Dyktige kollegaer
    • Godt arbeidsmiljø
    • Fleksitid
    • Løn etter gjeldande tariffavtale
    • God pensjonsordning
    • Løn etter tariff basert på kompeanse og erfaring. 

Det er krav om framvist politiattest ved tiltrede i tråd med - føresegn til barnevernlova § 6-10

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.

 

 

 
  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    24.02.2022
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4310507
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune