Detaljer

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    05.10.2020
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3156551
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Sakshandsamar

Kort om stillinga

Det er ledig stilling som sakshandsamar. Stillinga er fast 100 % stilling. Det kan bli ledig vikariat også . Stillinga skal arbeide med sakshandsaming innanfor  felta mottak – og undersøking, tiltak eller fosterheim. Plassering i organisasjonen ut frå kompetanse og erfaring.  

Om arbeidsstaden

Alver barnevernsteneste er lokalisert i Knarvik/ Nordhordland.

Barnevernstenesta består av tenesteleiar, kontorfagleg avdeling, samt i alt fem avdelingar: mottak – og undersøking, tiltak, familierettleiing, fosterheim og eige avdeling for einslege mindreårige. Tenesta har òg ei stilling som samarbeids – og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar. Tenesta som heile består av i overkant 50 tilsette.

Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er  vidare særleg oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse.

Barneverntenesta deltek i diverse prosjekter og har fokus på utvikling og kompetanseheving for den enkelte medarbeidar og tenesta som heilskap. 

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling i henhold til Lov om barneverntjenester.

Utdannings- /kompetansekrav :

Utdanning som barnevernpedagog eller sosionomutdanning.

  • Søkjar bør ha erfaring frå barnevernsfeltet. Er ei fordel om ein har erfaring frå førstelinetenesta.
  • Søkjar må ha gode relasjonelle evner
  • Søkjar må ha gode samarbeidsevner
  • Vera arbeidsam og ansvarsmedviten
  • Søkjar må vera fleksibel og kunna tilpassa seg ulike menneske og miljø
  • God skriftleg – og munnleg framstillingsevne

Personlege eiegenskaper i forhold til stillinga vil vera avgjerande i val av kandidat til stillinga

 Vi tilbyr:

  • Sjølvstendig fleksibelt arbeid
  • Fagutvikling på fleire ulike område
  • Intern og ekstern rettleiing
  • Dyktige kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksitid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • God pensjonsordning

Det er nausynt med  førarkort kl  B for stillinga.   

Det er krav om framvist politiattest ved tiltrede i tråd med - føresegn til barnevernlova § 6-10

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.