Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
28.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5632378Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
- Oppdatert 16.04.2024
Vestnes kommune
2. gangs utlysning Sakshandsamar - 100 % stilling
Offentlig forvaltning
Er du oppteken av å sikre god dialog med innbyggjarane? Likar du forvaltning og sakshandsaming? Ønskjer du å vere med å utvikle dagens forvaltning til en samhandlingsarena?
Da ønskjer vi å høyre frå deg!
Tildeling - og koordinering har ansvar for fullstendig sakshandsaming av helse- og omsorgstenester som krev enkeltvedtak etter lov om helse og omsorgstenester. Einingsleiar har vedtaksmynde for alle vedtaksbaserte helse - og omsorgstenester. Eininga har også kontakt med helseføretaka ved handtering av meldingar om ferdigbehandla pasientar, og innehar rollen som kommunens koordinerande eining.
Hovudarbeidsoppgåver
- Kartlegge, utreie og sakshandsame tenestebehov til kommunens innbyggjarar innan helse- og omsorg
- Sikre pasient- og brukarrettigheiter i sakshandsamingsprosessen
- Saksframstilling av vedtak og bestille tenester frå utførareiningar for å sikre innbyggars sitt behov.
- Ha oversikt over behov og tilgang til tenester innan fagområde, og gi råd og rettleiing til søkaren, pårørande, kollegaer og samarbeidspartnere
- Sikre samarbeid med relevante aktørar i sakshandsamingsprosessen og delta på samarbeidsarenaer
- Samhandling med helseføretaka knytt til utskrivingsklare pasientar
Kvalifikasjonskrav
- 3-årig høgare utdanning, fortrinnsvis som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Vidareutdanning innan helserett. Dersom søkjer kan vise til brei innsikt innan helse- og omsorgslovgiving, pasientrettigheitslova og forvaltningslova, kan det veie opp for manglande formell kompetanse i helserett.
- Erfaring med sakshandsaming innan helse- og omsorg
- Digitale ferdigheiter
- God kjennskap til gjeldande lov- og regelverk
- Kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- Nødvendig med førarkort klasse B
Ønskja kvalifikasjonar
- Innsikt i eller erfaring frå kommunale helsetenester
- Erfaring prosjektarbeid og tenesteutvikling
- Kunnskap om velferdsteknologi/helse- og meistringsteknologi
- God kjennskap til de norske helsetenestene og -velferdssystemet, herunder spesialisthelsetenestene, NAV, statlege og kommunale tenester innan øvrige sektorer mv.
Personlege eigenskapar
- Sjølvgåande og trygg
- Må kunne lede, koordinere og ta avgjerda
- Fleksibel, løysingsorientert og tar initiativ
- Ha gode samarbeidsevner
- Bygger tillit til brukar, pårørande, tenesteytaren og samarbeidspartner
- Evnar å stå i kravande arbeidssituasjonar, både i form av saksmengd og sakskompleks
Personleg eignaheit vektleggjast
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
28.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5632378Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
- Oppdatert 16.04.2024
-
Sakshandsamar med kreftkoordinatoransvar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Helsesekretær 80 % fast
Vestnes kommune
VESTNES -
Miljøterapeut - 2 x 100%
Vestnes kommune
VESTNES -
Ønskjer du ein fleksibel arbeidskvardag med konsentrert jobbing og lengre friperiodar?
Ål Kommune
ÅL -
Helsesekretær/sjukepleiar 90 % vikariat
Vestnes kommune
VESTNES