Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
27.01.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4915063Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 14.12.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Giske Kommune
Saksbehandlar ved teknisk eining
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Stor saksmengd gjer at avdelinga treng saksbehandlar i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå snarast.
Teknisk forvaltning er ei av 4 avdelingar i teknisk eining. Eininga har til saman om lag 50 medarbeidarar. Teknisk forvaltning har avdelingsleiar og 15 tilsette som dekkjer arbeidsområda kommuneplan, regulering, bygge- og delesak, kart og oppmåling (geodata), grunnkjøp, veg, vatn og avløp samt eigedomsskatt. Giske er ein vekstkommune med auke i folketal, og med næringsaktivitet og utbyggingar som er viktige for kommunen.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga, og vi vil vurdere tilsettinga for å komplettere dei andre medarbeidarar sin kompetanse.
Kvalifikasjoner:
- Utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innan relevant fagområde, gjerne juridisk kompetanse/jurist, ingeniør eller arkitekt. I særlege høve kan lang erfaring frå saksområde kompensere for utdanningskravet
- Det er ønskeleg med saksbehandlarerfaring
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Giske kommune nyttar nynorsk skriftmål
- God digital kompetanse
- Førarkort for bil
Personlige egenskaper:
- Interesse og entusiasme for fagområde plan og byggesak.
- Serviceinnstilt haldning, løysingsorientert, gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
- Effektiv og nøyaktig
- Evne til å uttrykke seg presist munnleg og skriftleg på nynorsk
Vi tilbyr:
- Høve til fagleg utvikling og til meningsfylte og varierte oppgåver
- Anledning til å vere med på å påverke samfunnsutviklinga
- Godt arbeidsmiljø
- Godt tverrfagleg fagmiljø i avdelinga
- Fleksibel arbeidstid og gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Løn etter avtale
Bedrift
Giske KommuneSøknadsfrist
27.01.2023Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6050, VALDERØYA
GISKE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4915063Se her for andre jobber fra Giske Kommune
- Oppdatert 14.12.2022