• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    18.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4714041
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Saksbehandlar - 100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Vi har ledig fast stilling i 100%. Stillinga er knytt til avdeling Service og Velferd, der ein vil jobbe i team sosiale teneste. 

Om arbeidsplassen:

NAV Alver er ein arbeidsplass med ca 70 ansatte. Vi er ein bidragsytar til utjamning av sosiale forskjellar i samfunnet. Er du god på å finne moglegheiter, ressursar, og ein pådrivar for samarbeid?  Vil du være med på laget, saman med dyktige og engasjerte kollegaer? Då håper vi du sender inn ein søknad.

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå personar som har økonomiske utfordringar
  • Motivere og hjelpe til ansvar for eigen økonomi
  • Forvaltning av privatøkonomi for enkeltpersonar, etter frivilleg og tvungen ordning
  • Sosialfagleg oppfølging og sakshandsaming etter lov om sosiale teneste
  • Samarbeid med rettleiarar ved kontoret, eksterne samarbeidspartnarar og kredittinstitusjonar
  • Betening av møtesenter og vakttelefon
  • NAV er i ein kontinuerleg utviklingsprosess, det må påreknast justering av arbeidsoppgåver

Kompetansekrav:

  • Minimum tre års utdanning frå høgskole eller universitet, innan sosialfagleg retning. Særleg relevant erfaring med anna utdanning kan kompensere for krav til utdanningsretning.
  • Gode samtaleferdigheiter
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Økonomisk og juridisk forståelse
  • Kan utøve profesjonelt skjønn
  • Kjennskap til NAV og offentlig forvaltning
  • Førarkort klasse B

Ønskt kompetanse:

  • Byggjer gode samarbeidsrelasjonar og være ein påliteleg samarbeidspart
  • Gode evner til å disponere tid til dei ulike arbeidsoppgåvene
  • Ser ressurser hjå den einskilde
  • Trivst med ein utfordring og har tålmod i møte med brukargruppene
  • Medverkar til eit godt arbeidsmiljø

Slik søker du:

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    18.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4714041
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune