• Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2021
  • Sted:
    ASKVOLL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ASKVOLL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3785666
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune

Ruskoordinator - 100% fast stilling

Askvoll kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 01.09.21 er det ledig nyoppretta 100% fast stilling som ruskoordinator innan helse- og omsorgsetaten i Askvoll kommune. Stillinga er lokalisert til Seksjon Helse og psykiatritenesta. Stillinga inneber arbeid etter 37,5 t/veke, arbeid etter 35,5 t/veke kan verte aktuelt ved omorganisering av fagfeltet rus/psykiatri.

Arbeidsoppgåver:

  • Kartlegging, oppfølging og rettleiing av pasientar innen fagfeltet rus og psykisk helse

  • Oppsøkande virksomheit og rettleiing i heimen

  • Kartlegge behov og delta i utarbeiding og utforming av tenestetilbod i kommunen
  • Forebyggande arbeid inn mot rusfeltet
  • Bidra til videreutvikling av tenesta med fokus på brukermedverknad og pårørande fokus

  • Bidra til at pasientar får eigenmeistring og større sjølvstende i eige liv
  • Rettleiing og opplæring av andre tilsette i kommunen

  • Arrangere fagdagar, tilby undervisning på skular og bidra til kompetanseheving 
  • Koordinatorrolle i samband med individuell plan
  • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vert gjeve

 

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig helse og sosialfagleg utdanning med tilleggsutdanning innanfor rus el. psykiar,  Manglande tilleggsytdanning, kan kompenserast med erfaring innan fagfeltet.
  • Manglar ein tilleggsutdanning, vil det vere eit krav om at ein tileigner seg kompetanse innan rusfeltet.
  • Det er ønskjeleg med kompetanse/erfaring innan sakshandsaming og rettleiing
  • Den som blir tilsett må ha sertifikat og disponere bil
  • Dersom ein blir tilsett må ein kunne legge fram godkjend politiattest, ikkje eldre enn 3 månader
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner og datakunnskap

 

Personlege eigenskapar:

  • Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske, og du må vise hensyn og respekt.
  • Du må både kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre yrkesgrupper og med pårørande
  • Det vil bli lagt vekt på gode samarbeidsevner då ein del av stillinga er knytt opp til samarbeid mellom ulike etatar 
  • Personlege eigenskapar og fleksibilitet vert vektlagd ved tilsetjing
  • Vi søkjer etter medarbeidar som har fokus og som er målbevisst, er fleksibel, samarbeidsvilleg, reflektert og løysingsorientert

 

Vi tilbyr:

  • løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ + kr 20 000,-
  • pensjonsordning i KLP
  • flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
 
  • Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2021
  • Sted:
    ASKVOLL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ASKVOLL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3785666
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune