• Bedrift
    Tersan Havyard
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Ingeniør
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utdanningskrav
    Teknisk fagskole
  • Arbeidserfaring
    2-5 år
  • Ønsket Språk
    Norsk, engelsk
  • Adresse
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Hyllestad
  • Jobbe hjemmefra?
    Ja
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6432514
  • Se her for andre jobber fra Tersan Havyard
Ledig stilling

Tersan Havyard

Vil du vere med å bygge framtidas skip?

Røringeniør

Skipsbyggerier og -verft

Tersan Havyard driv med nybygg, ombygging, service og vedlikehald av alle typar maritime fartøy frå vår sentrale plassering ytst i Sognefjorden. Vi har moderne fasilitetar, eit sterkt fagmiljø og over 100 års erfaring med skipsbygging.

Med ei stadig aukande ordrebok og fleire spennande prosjekt på gang, søker vi no ein Røringeniør som vil vere med og styrke vårt tekniske team.

 

Arbeidsoppgåver

Som røringeniør hjå oss vil du få ei sentral rolle i planlegging, oppfølging og gjennomføring av rørsystem i våre prosjekt. Arbeidet omfattar både nybygg og ombyggingar. 

  • Prosjektering og modellering av rørsystem i 3D-verktøy.
  • Utarbeiding og kontroll av rørsystem-teikningar og dokumentasjon.
  • Dimensjonering og spesifikasjon av komponentar og utstyr.
  • Oppfølging av installasjon og testing om bord.
  • Samarbeid med produksjon, innkjøp og klasseselskap.
  • Bidra til løysingsforslag ved tekniske endringar.
  • Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid innan fagområdet
  • Aktivt bidra til samarbeid og bygge sterke relasjoner mellom prosjekt og produksjon.

Kvalifikasjoner

  • Ingeniørutdanning innan rør, mekanisk, marinteknisk eller tilsvarande fagretning.
  • Erfaring frå skipsverft, offshore, prosess- eller maritim industri er ønskjeleg.
  • Erfaring med 3D-modellering (t.d. AutoCAD, Aveva, Cadmatic eller liknande).
  • Kunnskap om tekniske krav, standard og regelverk innan maritim sektor. ISO, NORSOK, DNV
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 
  • Du må være ein lagspelar, proaktiv og sjølvgåande
  • Du er strukturert, analytisk og løysningsorientert

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, sjølvstendig og nøyaktig.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere på tvers av fagmiljø.
  • Praktisk forståing og interesse for produksjon og løysingar om bord.
  • Positiv, løysingsorientert og initiativrik.

Vi tilbyr

  • Ei spennande rolle i eit sterkt og tverrfagleg ingeniørmiljø.
  • Varierte og teknisk krevjande prosjekt innan nybygg og ombygging.
  • Konkurransedyktige vilkår og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med stolte kollegaer.

Stillinga rapporterer til Engineering Manager

For meir informasjon ta kontakt med Engineering Manager Asbjørn Lylund; 957 24 779 

Passer ikke denne stillingen for deg, men du har likevel lyst å bli en del av Tersan Havyard? Vi er alltid på jakt etter ny og spennende kompetanse, også de med litt utradisjonell bakgrunn for bransjen vår. Send oss gjerne en åpen søknad! 

Les om Tersan Havyard her

Nysgjerrig på å bu og jobbe i Hyllestad ? ta en titt her

 

  • Bedrift
    Tersan Havyard
  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Stillingsfunksjon
    Ingeniør
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Skipsbyggerier og -verft
  • Utdanningskrav
    Teknisk fagskole
  • Arbeidserfaring
    2-5 år
  • Ønsket Språk
    Norsk, engelsk
  • Adresse
    6953, LEIRVIK I SOGN
    HYLLESTAD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Hyllestad
  • Jobbe hjemmefra?
    Ja
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6432514
  • Se her for andre jobber fra Tersan Havyard