• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4212265
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Ringevikarar Sæbø skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sæbø skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar til skule og SFO.
Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.

Arbeidsplass

Sæbø skule er ein moderne skule med fleksible læringsarealer. Skulen har eit rikt og stort uteområde, med gode mogelegheiter for å bruke utearealet som læringsarena. I skulen sitt nærområde finn ein områder med skog, fjell, og sjø i nærleiken til skulen.

Skulen visjon: «Livsglede og lærelyst»
- Trygge, inkluderte, robuste og glade elevar som lærar saman –

Skulen har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, der kvar einskild sine kvalitetar blir vektlagt. Det kollektive står sterkt og vi «løftar i lag». Vi ønskjer å ha god fagleg kvalitet på undervisninga og arbeider kontinuerleg for å utvikle god kultur for læring i profesjonsfellesskapet, der elevane si meistringskjensle og faglege og sosiale utvikling står sentralt.

Ordninga med trivselsleiarar er godt etablert på skulen, og vi har eit aktivt og engasjert elevråd.

Vi har ei engasjert og støttande foreldregruppe, og eit aktivt lokalmiljø som støttar opp om skulen gjennom aktivitetar på ettermiddag og kveldstid.

Vi er om lag 90 elevar, der ca. 30 elevar går på SFO.

Skulen har ca. 22 tilsette. Pedagogar, fagarbeidarar og ein miljørettleiar.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva  som ringevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.

Vilkår:

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring. 

Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.

Kvalifikasjonskrav

For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.

For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjerleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    31.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4212265
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.11.2021