Detaljer
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
30.05.2021Sted:
ISDALSTØStillingstype:
DagBransje:
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
VESTLANDArbeidssted:
ISDALSTØLand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3385247Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ringevikarar Hordabø skule
Hordabø skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar til skule og SFO.
Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.
Arbeidsplass
Hordabø skule er ein barneskule lokalisert i Bøvågen på Radøy og har pr i dag 113 elevar. Skulen har hovudfokus på læringsmiljø og lesing.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva som ringevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.
Vilkår:
Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.
Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.
Kvalifikasjonskrav
For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.
For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjerleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
- Karriere Jobbmatch
- Bedrifter ser relevante kandidater
- Kom i kontakt og motta jobbtilbud
- Du velger selv din synlighet
- Over 90.000 registrerte kandidater