Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
06.10.2023Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5359530Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 16.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Ringevikar til institusjonskjøkken, Sundheimen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sundheimen , lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.
Om avdelinga:
Institusjonskjøkken på Sundheimen er eit lite kjøkken med 3 årsverk med ein travel og triveleg kvardag. Kjøkkenet er ope på dagtid måndag til fredag. Dei produserer varm mat til 44 bebuarar på sjukeheimen, dagtilbod for eldre og har noko produksjon til heimebuande. Produksjon av helgemat ved kok/ kjøl. Det er også produksjon av diettar og spesialtilpassing til enkeltbrukarar.
No treng avdelinga vikarar som kan ringast ved behov og søkjer personar gjerne med kjøkken- / kantineerfaring. I samband med erfarne tilsette vil du bli introdusert for:
Arbeidsoppgåver:
- Produksjon av mat
- Pakke og levere tørrmat til sjukeheimsavdelingane
- Reinhald
- Enkel kantinedrift for personale og besøkende
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Engasjement og vilje til å lære
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå institusjonskjøkken
- Interesse for og kunnskap om ernæring som tema.
Personlege eigenskapar:
Anna:
- Glad i å lage mat
- Rask og effektiv i eit travelt kjøkken
- Gode samarbeidsevner internt i kjøkken og opp mot avdelingene
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
- Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/ 45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
- Tove Sissel.Tveit : 56160400- tast 7
Tove.tveit@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
06.10.2023Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5359530Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 16.09.2023