• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    17.06.2021
  • Sted:
    GOL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    GOL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3906376
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune

Rettleiar - ungdomsteam, 80% mellombels stilling

Gol kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

 

 

NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Noregs befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gi menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg som har pågangsmot og engasjement som ønskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver

 

NAV Hallingdal blei etablert 1. juni 2019 og har ca. 30 tilsette. Hallingdal har ca. 20 500 innbyggarar og er Noregs største reiselivsregion. Hallingdal består av dei seks kommunane Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål. Hovudkontoret er på Gol. Gol kommune er vertskommune for dei kommunale tenestene i NAV Hallingdal. Kontoret er organisert i fire team: Oppfølging vaksen, service og marknad, sosial med oppfølging og ungdomsteam. Vi har gode ordningar for heimekontor.

NAV Hallingdal søker

Rettleiar, ungdomsteam, 80 % mellombels stilling 

Stillinga er lagt til ungdomsteamet. Teamet følgjer opp ungdom på alle tenestene som ligg i NAV-kontoret. Stillinga har varigheit på 1 år med moglegheit for forlenging til totalt 3 år. 

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av ungdom under 30 år
  • Følgje opp ungdomar med mål om arbeid, aktivitet eller utdanning
  • Vurdering av tiltak og verkemiddel for å avklare arbeidsevne og kome i arbeid.
  • Sakshandsaming etter lov om sosiale tenester, folketrygdlova og arbeidsmarknadslova
  • Samarbeid med arbeidsgjevarar og samarbeidspartnerar
  • Noko reiseverksemd 

NAV Hallingdal er i stadig endring og utvikling. Det kan difor bli endring av oppgåver. 

Kvalifikasjonar:

  • 3 -årig høgare relevant utdanning frå høgskule/ universitet
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanning
  • Ønskjeleg med marknads- og inkluderingskompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God kompetanse i rettleiing og evne til å bruke samtale som verktøy og skape gode prosessar gjennom samtalar
  • Evne til å sette seg inn i nye IKT-verktøy og erfaring frå digitale plattformer 

Personlig eignaheit vil bli vektlagt

 Vi tilbyr:

  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
  • Eit utviklande miljø for å skape dei beste tenestene for innbyggjarane i Hallingdal
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Pensjonsordning gjennom KLP
  • Tilsetting på kommunale vilkår
  • Løn etter avtale og ansiennitet 

Anna:

  • Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
  • I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden 

Send søknad:

  • Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
  • Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

 
  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    17.06.2021
  • Sted:
    GOL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    GOL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3906376
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune