• Företag
    Skatteetaten
  • Ansökningstiden
    30.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5884680
  • Se här för andra jobb från Skatteetaten
Ledigt jobb

Skatteetaten

Rettleiar - servicemenneske i førstelinje med teft for klar kommunikasjon

Direktorater og tilsynsorgan

Er du god på kundebehandling, og synes at brukarne bør få løyst problema sine ved første kontakt?

Vår førstelinje er sjølve hjarta i Skatteetaten, og vi skal nå styrke den med to faste rettleiarar på Leikanger. Vi ser etter engasjerte og serviceinnstilte personar som ønsker å skapa gode brukaropplevingar, og som er komfortable med å bruka teknologi i arbeidskvardagen. 

Vårt mål er at brukaren skal få hjelp til å løysa sine problem første gang dei tar kontakt med oss, slik at dei kan handle rett. Difor er denne jobben ekstremt viktig for oss! Det å kommunisera tydeleg og forståeleg, og at du er eit servicemenneske, er heilt grunnleggjande for å lykkast i denne jobben.                                                                          Akkurat nå trenger vi fleire kollegaer som kan bidra i rettleiinga på telefon, men rettleiing i andre kanalar kan også verta ein del av arbeidskvardagen. 

Du vert ein del av eit stort fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer som rettleiar befolkninga på områda skatt, folkeregister m.m.

Synast du dette verker spennande eller er det noko du lurer på etter å ha lese denne annonsa? Treng du meir informasjon om stillinga eller om oss? Då kan du ringa ein av kontaktpersonane - dei gler seg til å prata med deg!

Kvalifikasjoner:

Du må ha

  • relevant utdanning på minimum bachelornivå. Relevant rettleiingserfaring kan kompensere for utdanningskravet. Internasjonale grader må være godkjent av NOKUT/HK- direktoratet
  • gode kommunikasjonsevner, både muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode digitale ferdigheiter, særlig system- og navigeringskompetanse er viktig i denne jobben                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                    I tillegg vil det vera ein stor fordel om du har erfaring frå relevant rettleiingsarbeid innafor komplekse tenester og/eller regelverk.                                                                                                           

Personlige egenskaper:

Vi treng deg som

  • likar å jobba med menneske og yte god service ved å ha brukarens behov i sentrum
  • er omgjengeleg i møte med andre, er fleksibel i arbeidskvardagen og hjelper til der det trengs
  • kan sette deg inn i nye og kompliserte regelverk
  • evner å rettleie tydeleg og enkelt slik at brukar forstår

Vi tilbyr:

Høyrest det givande ut å jobbe med eit inspirerande samfunnsoppdrag i ein nytenkjande organisasjon som har stor tillit i befolkninga. Då trur vi du vil trivst hos oss.          Vi kan frista med moglegheit til å jobbe med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkande organisasjon som har stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og samarbeida på tvers av lokasjonar.

Du får også medlemskap i Statens pensjonskasse, ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg og med moglegheit til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår.                  Les meir om dette på spk.no.

I tillegg vil det vere mogleg å veksla mellom å jobbe heimafrå og møtast på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det  lar seg gjere.

Du blir tilsett som førstekonsulent eller rådgivar med ei årslønn mellom 532 200 - 646 000 kr avhengig av kvalifikasjonane dine. Dei første seks månadane er prøvetid.

 

Verdt å merke seg før du søker

  • Vi brukar ikkje søknadsbrev: Vi er meir opptatt av kva du kan, erfaringar og kompetanse enn kor flink du er til å skriva ein jobbsøknad. Derfor ber vi deg om å levere ein god og beskrivande CV der du får fram kva du har gjort og oppnådd som gjer deg kvalifisert for stillinga du søkjer på. Du treng altså ikkje å skrive eller leggje ved eit søknadsbrev. Vi setter pris på at du legg ved vitnemål/karakterutskrifter og relevante attester.
  • Omvendt referansesjekk: Vi vil du skal kjenne deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du får ringe ein av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ønskje for å finne bedre ut om vi er ein god match
  • Mangfold og likestilling: Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfold er ein del av kulturen vår og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi kaller alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
  • Offentleg søkjarliste: Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å verta unntatt denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngje kvifor du ønskjer det, og vi tar deretter stilling til om vi kan innvilge ønskjet ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.
  • Bakgrunnssjekk: Vi nyttar eksterne levrandørar for å gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidater, og verifiserer utdanning og arbeidserfaring.
 

  • Företag
    Skatteetaten
  • Ansökningstiden
    30.09.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5884680
  • Se här för andra jobb från Skatteetaten