• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4694953
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 08.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Rettleiar NAV Fjaler, vikariat 100 % stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

NAV Fjaler har ledig eit års vikariat i 100 % stilling som rettleiar frå snarast av. Trivast du med finne løysingar i samhandling med menneske i ein krevjande situasjon? Er du ein person med pågangsmot og engasjement som ønskjer å gjere ein skilnad? Trivast du i ein hektisk kvardag med stor variasjon av oppgåver? Då kan du vere den vi ønskjer med på laget. 

 

Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming og oppfølging etter Lov om sosiale tenester i NAV, med hovudvekt på økonomisk sosialhjelp og økonomisk rettleiing
  • Handsame søknader om Husbanken si bustønad, startlån og bustadtilskot til etablering og tilpassing av bustad
  • Rettleie og motivere for sosial og økonomisk tryggleik, og fremje overgang til arbeid
  • Samarbeid med andre kommunale, statlege og eksterne instansar
  • Vertsrolle i publikumsmottak med tilhøyrande oppgåver
  • Aktivt bruke digitale verktøy, og rettleie i bruk av NAV sine digitale løysingar

NAV er i stadig utvikling, noko som kan medføre endringar i både oppgåver og arbeidsområde

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan sosialt arbeid og økonomi. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
  • god munnleg og skrifteleg framstillingsevne
  • god digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye arbeidsverktøy

Det er ønskjeleg at du har:

  • relevant erfaring frå arbeid i NAV og/eller arbeid med forvaltning
  • erfaring frå arbeid med personar med samansette livsutfordringar
  • god rettleiings- og relasjonskompetanse
Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for samfunnsoppdraget til NAV, og har trua på alle menneske trass utfordringar både kan få og behalde ordinært arbeid, og som:

  • er trygg i deg sjølv og taklar å møte menneske i krevjande livssituasjonar på ein god måte
  • skaper gode arbeidsretta brukarmøte gjennom å lytte, motivere og tenkje nytt
  • trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
  • arbeider godt både åleine og saman med andre
  • er positiv og entusiastisk sjølv i vanskelege situasjonar

Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr
  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • Fagmiljø med aktive og engasjerte kollegaer
  • Lønn etter kommunalt regulativ
  • God pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP


Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4694953
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 08.07.2022