• Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    21.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5654795
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
  • Oppdatert 10.04.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Askvoll kommune

Rettleiar NAV Askvoll - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

NAV skal gje menneske mogelegheiter ved å få fleire i arbeid eller aktivitet. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement, og som ynsker å gjere ein forskjell for andre. Du vil få meiningsfulle oppgåver og jobbe saman med kollegaer med god fagleg kompetanse. Bruk av heimekontor einskilde dagar er ei moglegheit som kan vurderast dersom dette er ynskeleg og tenleg.

NAV Askvoll er eit partnarskap mellom Askvoll kommune og staten ved NAV Vestland. Vi er eit av seks kontor i NAV region Sunnfjord.

 

Arbeidsoppgåver for stillinga:

  • Rettleiing og sakshandsaming etter Lov om sosiale tenester, NAV-lova og Folketrygdlova
  • Motivere og legge til rette for at brukarane skal kome i aktivitet, arbeid og utdanning
  • Samarbeid med offentlege og private instansar for å sikre god oppfølging av den einskilde
  • Ajourhald av opplysningar i fagsystema våre
  • Delta i publikumsmottak

Det kan bli endring i arbeidsoppgåvene.

 

Kvalifikasjonar:

  • Sosialfagleg utdanning eller anna relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • God digital kompetanse og evne til å rettleie brukarar i sjølvbeteningsløysingar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

 

Det er ynskeleg at du:

  • Har erfaring frå, og interesse for, arbeid med unge/unge vaksne
  • Har erfaring frå NAV eller andre verksemder der kunnskap om menneske og samarbeid står sentralt
  • Kan skape gode møter med brukarar som er i ein vanskeleg livssituasjon
  • Kan arbeide målretta, systematisk og effektivt både i team og sjølvstendig, med fokus på arbeid og aktivitet
  • Evne til å setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg kompetanse på eiga hand
  • Trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
  • Bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik

 

Vi tilbyr:

  • Løn og arbeidsvilkår etter lov og avtaleverk
  • Gode pensjonsvilkår i KLP

 

 

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.

 

 

  • Bedrift
    Askvoll kommune
  • Søknadsfrist
    21.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6980, ASKVOLL
    ASKVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5654795
  • Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
  • Oppdatert 10.04.2024