• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    11.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4704826
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 20.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Rettleiar i 100% engasjement

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

NAV Alver lyser no ut eit års engasjement. Stillinga er knytt til avdeling Service og Velferd, der ein vil jobbe med dyktige og engasjerte kollegaer i team sosial teneste.

Om NAV Alver

NAV Alver er ein arbeidsplass med rundt 70 tilsette og yter tenester innan kommunal samt statleg sektor til rundt 29 000 innbyggjarar. Kommunen ligg omkrinsa av fjord og fjell i Nordhordland, berre 25 minutt frå Bergen sentrum og har eit rikt næringsliv innan m.a industri, olje og gass, transport og havnæring. 

NAV Alver er eit brukerretta NAV kontor der individuelt tilpassa brukaroppfølging og god fagkompetanse er prioritert for å gje bistand til å skaffe arbeid. Vi jobbar kontinuerleg for å utvikle betre tenester til våre brukarar. NAV Alver er organisert i 3 avdelingar. Ledig stilling i denne lysinga ligg til avdeling Service og Velferd og stillingskoden vil vera sakshandsamar. 

Om oss på avdeling Service og Velferd

Avdeling Service og Velferd er organisert i fleire team på tvers av avdelingar og eigne team i avdelinga. Tenesteansvar i Service og Velferd er: Sosiale tenester i NAV, Møtesenter, Nyregistrerte arbeidssøkjarar, Marknadskontakt og Administrative oppgåver. Avdelinga er opptatt av at vi skal ha gode brukarmøter, godt arbeidsmiljø, at vår bistand skal gje brukar auka sjølvstende og vi skal vere ein initiativtakar til samarbeid internt og eksternt.

Arbeidsoppgåver

  •  Arbeide med flyktningar som har behov for sosiale tenester
  •  Sosialfagleg oppfølging og sakshandsaming
  •  Oppfølging ifht økonomi, bustad, tverrfagleg samhandling og koordinering
  •  Betening av møtesenter og vakttelefon
  •  Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga

 Kompetansekrav

  • Minimum 3 årig høgskuleutdanning innan sosialfagleg retning. Andre utdanningar kan vurderast dersom du kan vise til sosialfagleg kompetanse gjennom utdanning eller arbeidserfaring. 
  • Kan vise til rettleiing og samhandlingskompetanse ut frå erfaring og/eller utdanning
  • Erfaring frå liknande arbeid er eit føremon
  • Juridisk forståelse
  • Gode datakunnskaper
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B

Kven er du?

  • Du kan byggje gode samarbeidsrelasjonar og være ein påliteleg samarbeidspart
  • Du er fleksibel og trivast i ein travel arbeidskvardag
  • Du ser ressurser hjå den einskilde
  • Du ynskjer å jobbe med målgruppa
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldane lov og avtaleverk

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    11.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4704826
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 20.07.2022