Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
22.04.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6163520Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Rettleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du pågangsmot og engasjement? Ønskjer du å gjere ein skilnad? Kanskje trivst du i tillegg med stor variasjon i arbeidsoppgåver? Då kan jobb hjå oss vere akkurat det du ser etter!
Teamet du kan bli ein del av består av skikkeleg flinke og trivelege folk. Til saman har vi ansvar for sjukefråværsoppfølginga for Nav region Sunnfjord. Vi er spreidd på fleire lokasjonar – og vi treng deg som kan jobbe i Høyanger og omegn.
Avdelinga vår jobbar tverrfagleg; det vil seie at vi jobber saman med alle Nav-kontora i regionen i tillegg til at vi samarbeider med arbeidsgjevarar, helseapparat og mange andre samarbeidspartar. Vi har høgt arbeidstempo og endå høgre trivselsfaktor, spesielt om du liker å jobbe effektivt, sjølvstendig og strukturert. Har du stor interesse for fagfeltet innan sjukefråværsoppfølging, så kan vi tilby deg god opplæring frå eit godt fagmiljø kor interessa di kan blomstre ytterlegare.
NAV Sunnfjord og Ytre Sogn er felles NAV-kontor for kommunane Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad. Kontoret har litt over 60 tilsette, organisert i fire avdelingar som arbeider på tvers av lokasjonar i alle kommunane.
Vi søker no etter:Rettleiar i 100% fast stilling
I avdeling for sjukefråværsoppfølging - arbeidsstad: Høyanger.
Arbeidsoppgåver:- arbeidsretta sjukefråværsoppfølging og rettleiing
- saksbehandling etter dei lover Nav er sett til å forvalte
- tett samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
Det kan kome spennande endringar i oppgåver som følgje av endra behov hos innbyggarar og/eller organisasjonen elles.
Du må ha desse kvalifikasjonane:- minimum 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet, særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
- gode kommunikasjons- og formidlingsevner i norsk- skriftleg og munnleg
- god digital kompetanse
- erfaring frå rettleiing og brukaroppfølging
- kunnskap om arbeidsmarknaden
- erfaring frå samhandling med arbeidsgjevarar og behandlarar
- førarkort klasse B
- du likar å samarbeide og bidra aktivt i det kollegiale fellesskapet
- du jobbar strukturert og sjølvstendig
- du har gode samarbeidsevner og syns det er spennande å samarbeide med næringslivet
- du har stor arbeidskapasitet, fleksibilitet og kreativitet
- du er engasjert, blid og positiv
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:- meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- engasjerte og dyktige kollegaer, som brenn for å hjelpe menneske
- store moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag
- store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns- og pensjonsvilkår, i lønsspenn 507 400 til 673 400 etter utdanning og tenesteansiennitet
Om NAV
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og våre fagområde. Vår visjon er å gje menneske mogelegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstenester. Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar over heile landet. Vi arbeider tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet være prega av involvering, åpenhet og tillit. Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønskjer du å bli unnateke frå offentleg søkjarliste må du grunngje dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
Du søker elektronisk. Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
22.04.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6163520Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune