Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM)

Resepsjonist

Offentlig forvaltning

Nasjonal tryggingsorgan(NSM) er eit direktorat for førebyggjande tryggingsteneste. NSM skal innan sitt ansvarsområde verna informasjon og objekt mot spionasje, sabotasje og terrorhandlingar gjennom å:

- gi råd og rettleiing
- utvikle tryggingstiltak
- varsle og handtere alvorlege dataangrep
- føre tilsyn og utøve styresmakt i samsvar med gjeldene regleverk

NSM skal vere ein pådrivar for betring av tryggingstilstanden og gi råd om utviklinga av tryggingsarbeidet i samfunnet. 

Avdeling for kommunikasjon og administrasjon skal bidra til å skapa eit synleg, tydeleg, effektivt og moderne NSM. Avdelinga skal vere pådrivar og iverksetjar av digitale løysningar både internt og eksternt. Avdelinga skal sikre god forvaltning gjennom å skapa god kontroll i prosjekter og prosessar og bidra til god effekt i desse. Avdelinga skal søkje å oppnå god arbeids- og informasjonsflyt på tvers av avdeling og organisasjon. Avdelinga har som mål å oppnå høg tillit og respekt internt og eksternt, ha stor arbeidsglede og engasjement, og dessutan ha god takhøgd.


Avdelingas seksjon for sikkerheit, eigedom og drift søkjer med dette etter ein resepsjonist til vår lokalitet i Oslo.

Ved innkomst til Nasjonalt cybersikkerhetssenter er resepsjonisten den første ein møter.  Vi søkjer deg som trivst i rolla som frontfigur og som elskar å yta god service, både til gjester og kollegaer. Vi søkjer etter ein påliteleg lagspelar med engasjement, humør, fleksibilitet og vilje til å yte ekstra når det trengst.
 

Arbeidsoppgåver:

Personen  som tilsettast vil få oppgåver knytte til:

  • Resepsjon / Sentralbord
  • Ta imot besøkande til Nasjonalt cybersikkerhetssenter på ein profesjonell måte - registrering av besøkande, tilgangskontroll og administrasjon av tilgangskort. 
  • Flytting av data mellom ulike IT-system
  • Oppfølging av daglege driftsrelaterte oppgåver
  • Klargjering av møterom ved behov
  • Oppfølging av prosjekter og brukerdefinerte utviklingstiltak
  • Innkjøp/anskaffelser innan ansvarsområdet
  • Andre pålagte oppgåver innan avdelingas ansvarsområde

 

Kvalifikasjonar:

Personen som tilsettast bør ha:

  • Minst 3 års erfaring frå resepsjon/servicefunksjon
  • Kjennskap til sikkerheitslova
  • Erfaring med systemet Lenel Onguard
  • God munnleg og skriftleg kunnskap i norsk og engelsk
  • Gode IT-evner
  • Serviceinnstilling og positivitet


Personlige eigenskapar:

Vi søkjer deg  som er strukturert, effektiv, tiltaksam og har evne til å arbeide sjølvstendig. Du må vera løsningsorientert, serviceinnstilt og kunne samarbeide med ulike miljø internt og eksternt. Evne til heilskapsforståing er viktig og personleg dugleik vil bli tillagt stor vekt.

Det er naudsynt at den tilsette må vere norske statsborgar og kunne bli tryggingsklarert og autoriserast for HEMMELEG / NATO SECRET.

Vi tilbyr:

  • Allsidige, spennande, krevjande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø og trivelige kollegaer med høy kompetanse
  • Moglegheiter for kurs og etterutdanning
  • Pensjons- og forsikringsordningar  og høve til bustadlån i Statens pensjonskasse
  • Høve til trening i arbeidstida
  • Kontorlokala i trivelege omgivnader på Langkaia


Arbeidstida er fast frå 08:00 -15:45/15:00/vintertid/sommartid.

Det er eit ønske om tilsetjing snarast råd. 

Stillinga er plassert som konsulent (SKO 1065). Løna er frå kr 376 500 – 488 000 (Ltr 38 – 55) avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Det blir trekt 2 % lovbestemt innskot til Statens Pensjonskasse.

Arbeidstakar må ikkje inneha bistillingar, bi-erverv, styreverv eller andre lønte oppdrag som kan hemme eller sinke det ordinære arbeid med mindre det finst særskilt pålegg eller løyve.

Dei som søkjer, må være merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. NSM vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Den statlege arbeidsstyrken skal spegle mangfaldet i folket. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming eller kulturell bakgrunn.

NSM nyttar elektronisk søknadsbehandling. Søkjarane bes difor å sende søknaden ved å nytte lenken. Vitnemål og attestar sendes med søknaden, og originalane tas med til eit eventuelt intervju.