• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    01.03.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5560195
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 01.03.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Ål Kommune

Rektor ved Torpo skule

Offentlig forvaltning

Er du ein tydeleg og strukturert leiar med høg relasjonskompetanse?

Det er ledig 100% stilling som rektor ved Torpo skule frå 01.08.24

Ål kommune har 4 barneskular og ein ungdomsskule. Torpo skule er firedelt med omlag 45 elevar på 1.-7. trinn, dessutan ca 40 ukrainske elevar 1.-7. trinn delt i to grupper. Skulen har SFO. Skulen har dyktige og engasjerte tilsette og godt og tett samarbeid med føresette. Skulen vart renovert i 2010, har stort uteområde, gapahuk i skogen, stor gymsal, ballbinge, skøytebane og svømmebasseng. Dette gjev mange moglegheiter for variert undervisning, og uteskule er sentralt. Du finn meir informasjon om Ål kommune og Torpo skule her: https://www.aal.kommune.no/

I rolla som rektor ved Torpo skule vil du ha ansvar for å sikre at våre elevar er godt førebudde på utfordringane i samfunnet vårt. Som rektor vil du vera aktivt medverkande i å forme eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Rektor er delegert budsjett-, økonomi- og personalansvar og rapporterer til kommunalsjef for oppvekstsektoren.

Arbeidsoppgåver 

  • overordna ansvar for drift og utvikling av skulen, innanfor fag, personalarbeid og økonomi
  • leie og utvikle det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til auka læringsutbytte og eit trygt læringsmiljø for alle elevar
  • vidareutvikle eit godt skule-heim-samarbeid
  • vera aktiv deltakar i skuleleiarforumet i kommunen
  • samarbeide med andre sektorar for å sikre eit heilskapleg tilbod til elevane

Kvalifikasjonskrav

  • relevant høgare utdanning frå høgskole/universitet
  • god økonomisk forståing
  • god digital kompetanse
  • gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Ønska kvalifikasjonar

  • leiarerfaring som skuleleiar og/eller rektor
  • rektorutdanning eller anna relevant leiarutdanning
  • godkjent pedagogisk utdanning
  • undervisningserfaring frå grunnskule

Personlege eigenskapar

  • tydeleg og synleg leiar som utøver tillitsbasert leiing, har evne til å engasjere, involvere, motivere og inspirere til felles innsats
  • god samhandlingskompetanse, evne til å bygge gode relasjonar til elevar, medarbeidarar, føresette og samarbeidspartar
  • gode kommunikasjons- og formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
  • lagbyggar, raus og inkluderande
  • fleksibel, godt humør og trivst med ein travel skulekvardag med varierte oppgåver
  • har gode strategiske og analytiske evner
  • høg arbeidskapasitet, jobbar effektivt og sjølvstendig

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • eit godt arbeids- og fagmiljø med dyktige medarbeidarar
  • ein arbeidsplass med høg fagkompetanse og eit utviklingsorientert profesjonsfellesskap
  • mentorordning og nettverk med andre avdelingssleiarar i kommunen
  • moglegheit til å vere med på å utvikle det samla grunnskuletilbodet i Ål kommune
  • eit godt etablert tverrfagleg samarbeid
  • støttefunksjonar innan økonomi og personal
  • leiarstøtte
  • konkurransedyktig lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Søknad 

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Bli med på laget - velkomen som søkjar!

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    01.03.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5560195
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
  • Uppdaterad 01.03.2024