Företag
Gjemnes kommuneAnsökningstiden
01.02.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Angvik
GJEMNES
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
4943624Se här för andra jobb från Gjemnes kommune
- Uppdaterad 17.01.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Gjemnes kommune
Rektor ved Angvik skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ønskar du ei fagleg spennande og utfordrande leiarstilling?
Angvik skule søkjer ny rektor i 100 % stilling, der 40 % av stillinga er undervisning. Gjemnes kommune ser etter deg som er engasjert og fagleg dyktig, med relevant erfaring frå skulesektoren og som brenn for å skape framtida sin skule. Du finn glede i å sjå at medarbeidarar og elevar veks og utviklar seg, er opptatt av positive relasjonar og har god kunnskap om læring. Visjonen for oppvekstsektoren i Gjemnes er “Vi lar flammen brenne”, og målet er at alle som veks opp i Gjemnes skal halde på den indre gløden og motivasjonen sin. Skulen skal vere ein inspirerande foregangsskule, med fokus på langsiktig og systematisk utviklingsarbeid basert på forskning.
Vi kan tilby spennande utfordringar på fleire område. Som rektor vil du mellom anna samarbeide tett med styraren i Angvik barnehage, rektor på Batnfjord skule, oppvekstadministrasjonen og kommunedirektøren, delta i ulike nettverk og få høve til å påverke kommunen sin skulepolitikk. Du er medlem av kommunedirektøren sitt leiarteam.
Vi vil vektlegge personlege kvalifikasjonar og leiarutdanning og/eller leiarerfaring i utvelginga.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for drift, personale og administrasjon
Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet
Økonomistyring og disponering av ressursar
Bidra til positivt læringsmiljø og inspirere til nytenking
Samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane
Ønska kvalifikasjonar
Relevant høgare pedagogisk og fagleg utdanning
Det er ønskeleg med rektorutdanning, eller det blir sett krav om at den som blir tilsett tek denne utdanninga innan rimeleg tid etter tilsetting
Erfaring med leiing eller anna leiarkompetanse
Kjennskap til relevant teknologi og IKT som læringsverkty
God kunnskap i munnleg og skriftleg kommunikasjon (begge målformer).
God kunnskap i digital kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som er strukturert, målretta, sjølvstendig, samarbeidsvillig, kreativ, fleksibel og med eit positivt menneskesyn. Du må like å vere saman med folk, både store og små. Du har også god evne til å kommunisere og motivere. Det er ein variert arbeidsdag, der du ofte må løyse nye oppgåver og ta raske avgjerder.
Vi tilbyr
Konkurransedyktige føresetnader
Dyktige, motiverte og inkluderande medarbeidarar
Stor påvirkningskraft og sjølvstendig rolle
Mulegheit for personleg og fagleg utvikling
Offentleg tenestepensjonsordning
Løn etter avtale
Om arbeidsgjevaren
Gjemnes kommune er sentralt plassert midt mellom Molde og Kristiansund. Kommunen har om lag 2700 innbyggjarar. Her er det kort veg til mange naturperler, og mange mulegheiter for friluftsliv og rekreasjon.
Angvik skule er ein 1.-7. barneskule med om lag 45 elevar og 11 tilsette. Angvik skule er ein svært viktig del av lokalmiljøet i indre Gjemnes, og ligg i sentrum av Angvik. Skulen har høgt fagleg fokus og jobbar målretta for å skape eit godt framtidsretta skulemiljø. I samarbeid med Angvik barnehage har skulen fokusert spesielt på overgangen mellom barnehage og skule i utviklingsarbeidet sitt dei siste tre åra. Gjemnes kommune og oppvekstsektoren er også med i oppvekstnettverk Nordmøre, som gjennom utviklingsarbeid har målsettinga “Barn som skaper og lever meningsfylte liv”.
Skulen er organisert med rektor og SFO-leiar.
Angvik skule har nynorsk som opplæringsmål.
Anna
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar
Vi gjer merksame på at søkjarar kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om søkjaren har bedd om anonymitet. Dette blir du i så fall varsla om.
Legg ved attestar og vitnemål med søknaden
Send inn søknaden elektronisk via kommunen si heimeside
Ein må legge fram politiattest før ein startar i stillinga.
Kontaktpersonar for stillinga er assisterande kommunedirektør Svein Arild Eikemo og oppvekstrådgjevar Lene Holten
Företag
Gjemnes kommuneAnsökningstiden
01.02.2023Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Angvik
GJEMNES
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
4943624Se här för andra jobb från Gjemnes kommune
- Uppdaterad 17.01.2023