• Bedrift
    Gjemnes kommune
  • Søknadsfrist
    01.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Angvik
    GJEMNES
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4943624
  • Se her for andre jobber fra Gjemnes kommune
  • Oppdatert 17.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gjemnes kommune

Rektor ved Angvik skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønskar du ei fagleg spennande og utfordrande leiarstilling? 

Angvik skule søkjer ny rektor i 100 % stilling, der 40 % av stillinga er undervisning. Gjemnes kommune ser etter deg som er engasjert og fagleg dyktig, med relevant erfaring frå skulesektoren og som brenn for å skape framtida sin skule.  Du finn glede i å sjå at medarbeidarar og elevar veks og utviklar seg, er opptatt av positive relasjonar og har god kunnskap om læring. Visjonen for oppvekstsektoren i Gjemnes er “Vi lar flammen brenne”, og målet er at alle som veks opp i Gjemnes skal halde på den indre gløden og motivasjonen sin. Skulen skal vere ein inspirerande foregangsskule, med fokus på langsiktig og systematisk utviklingsarbeid basert på forskning. 

Vi kan tilby spennande utfordringarfleire område. Som rektor vil du mellom anna samarbeide tett med styraren i Angvik barnehage, rektor på Batnfjord skule, oppvekstadministrasjonen og kommunedirektøren, delta i ulike nettverk og få høve til å påverke kommunen sin skulepolitikk. Du er medlem av kommunedirektøren sitt leiarteam. 

Vi vil vektlegge personlege kvalifikasjonar og leiarutdanning og/eller leiarerfaring i utvelginga 

Arbeidsoppgåver 

  • Ansvar for drift, personale og administrasjon 

  • Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet 

  • Økonomistyring og disponering av ressursar 

  • Bidra til positivt læringsmiljø og inspirere til nytenking 

  • Samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane 

Ønska kvalifikasjonar 

  • Relevant høgare pedagogisk og fagleg utdanning 

  • Det er ønskeleg med rektorutdanning, eller det blir sett krav om at den som blir tilsett tek denne utdanninga innan rimeleg tid etter tilsetting 

  • Erfaring med leiing eller anna leiarkompetanse 

  • Kjennskap til relevant teknologi og IKT som læringsverkty 

  • God kunnskap i munnleg og skriftleg kommunikasjon (begge målformer).  

  • God kunnskap i digital kommunikasjon 

Personlege eigenskapar 

Vi ser etter ein person som er strukturert, målretta, sjølvstendig, samarbeidsvillig, kreativ, fleksibel og med eit positivt menneskesyn. Du må like å vere saman med folk, både store og små. Du har også god evne til å kommunisere og motivere. Det er ein variert arbeidsdag, der du ofte må løyse nye oppgåver og ta raske avgjerder 

Vi tilbyr 

  • Konkurransedyktige føresetnader 

  • Dyktige, motiverte og inkluderande medarbeidarar 

  • Stor påvirkningskraft og sjølvstendig rolle 

  • Mulegheit for personleg og fagleg utvikling 

  • Offentleg tenestepensjonsordning 

  • Løn etter avtale 

Om arbeidsgjevaren  

Gjemnes kommune er sentralt plassert midt mellom Molde og Kristiansund. Kommunen har om lag 2700 innbyggjarar. Her er det kort veg til mange naturperler, og mange mulegheiter for friluftsliv og rekreasjon.  

Angvik skule er ein 1.-7. barneskule med om lag 45 elevar og 11 tilsette. Angvik skule er ein svært viktig del av lokalmiljøet i indre Gjemnes, og ligg i sentrum av Angvik. Skulen har høgt fagleg fokus og jobbar målretta for å skape eit godt framtidsretta skulemiljø. I samarbeid med Angvik barnehage har skulen fokusert spesielt på overgangen mellom barnehage og skule i utviklingsarbeidet sitt dei siste tre åra. Gjemnes kommune og oppvekstsektoren er også med i oppvekstnettverk Nordmøre, som gjennom utviklingsarbeid har målsettinga “Barn som skaper og lever meningsfylte liv”.  

Skulen er organisert med rektor og SFO-leiar. 

Angvik skule har nynorsk som opplæringsmål. 

Anna 

  • Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar 

  • Vi gjer merksame på at søkjarar kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om søkjaren har bedd om anonymitet. Dette blir du i så fall varsla om. 

  • Legg ved attestar og vitnemål med søknaden 

  • Send inn søknaden elektronisk via kommunen si heimeside 

  • Ein må legge fram politiattest før ein startar i stillinga. 

Kontaktpersonar for stillinga er assisterande kommunedirektør Svein Arild Eikemo og oppvekstrådgjevar Lene Holten

 

 

  • Bedrift
    Gjemnes kommune
  • Søknadsfrist
    01.02.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Angvik
    GJEMNES
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4943624
  • Se her for andre jobber fra Gjemnes kommune
  • Oppdatert 17.01.2023