Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4960852Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 02.03.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Rektor - Ål ungdomsskule
Offentlig forvaltning
Ål kommune ser etter deg som har evne til nytenking, er initiativrik og finn løysingar. Du er utviklings- og resultatorientert i arbeidet med den pedagogiske verksemda og personalet.
Visjonen for oppvekstsektoren er å bidra til at alle som veks opp i Ål skal bli flygedyktige og rotfaste. Bruke vengene for å få innsikt, vidsyn og perspektiv – feste røter for å meistre eigne liv og tru på eigne krefter. Skulen i Ål skal vera ein inspirerande føregangsskule, med fokus på langsiktig og systematisk utviklingsarbeid basert på forsking.
Ein skuleleiar i Ål er ein pådrivar for å oppnå resultat, tenke heilskapleg, kunne vera nyskapande og har evne til å gjennomføre vedtatte endringar. Leiaren må vera tydeleg om kva mål og forventningar som gjeld; og kunne skape gode relasjonar til elevar, tilsette, føresette og andre kompetansemiljø. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Du har gjerne innsikt i og evne til god økonomistyring. I samsvar med mål og forventningar vil rektor sørge for optimal utnytting av ressursane; og i samarbeid med elevar, føresette og tilsette ivareta skulens omdømme og plass i lokalmiljøet. I skulens adminstrasjon er det ei merkantil sekretærstilling på 100% samt assisterande rektorstilling på 100%. Det vil bli gitt fagstøtte og opplæring i økonomi og administrasjon innafor ansvarsområda frå sentraltenesta.
Som rektor i Ål blir du ein del av eit rektorkollegium, og eit regionalt rektornettverk med god kollegastøtte. Strategidokumentet "Betre læring 2022-2025" er eit viktig styringsverktøy for oppvekstsektoren og skulane i Ål. Planverket skal styre og samordne innsatsen for – på beste måte – å ta hand om læringsmandatet. Rektor rapporterar til kommunalsjef for oppvekst. Tenkjer du at dette kan vere interessant og spennande, er Ål kommune rett stad for deg!
Kvalifikasjonar
- minimum 3-årig bachelor i pedagogikk, lærarutdanning eller tilsvarande
- ynskjeleg med godkjent kompetanse for undervisning i ungdomsskulen, jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til Opplæringslova kap.14 §§ 14-3
- relevant leiarerfaring fortrinnsvis frå ungdomsskule
- gjerne rektorutdanning eller anna relevant leiarutdanning
- god kjennskap til relevant lovverk
- god digital kompetanse
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Me tilbyr
- eit triveleg kollegium kor du er er med å utvikle oppvekstsektoren i Ål og regionen gjennom regionale nettverk
- som rektor ilag med 11 andre avdelingsleiarar er du med på å utvikle oppvekstsektoren på Ål
- Ål ungdommskule er ein skule med høg fagkompetanse og spennande profesjonsfellesskap
- Ål kommune har også eigne leiarprogram og kursrekker
- lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Send søknad
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Flytte til Ål?
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Flytt til Ål! - Ål kommune (aal.kommune.no)
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4960852Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 02.03.2023
- Ditt lokale arbeidsmarked
- Del annonsen i eget nettverk
- Over 100.000 CVer registrert
- Motta alle søknader ett sted