• Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    08.09.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3959446
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 01.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Rauma kommune

Rektor Måndalen barne- og ungdomsskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I vår naturglade kommune og midt i norges fjelleldorado søkjer Rauma kommune etter ein rektor i 100% fast stilling.
Vår nye rektor vil vere administrativ leiar for Måndalen barne- og ungdomsskule. I administrasjonen inngår det og ein avdelingsleiar. Måndalen skule (1-10) har inneverande år 96 elevar. 
Opplæringsmål i grunnkretsen er nynorsk. Det vert elles vist til kommunen sine heimesider.

Tidleg i 2022 vil Måndalen få eit nytt flott skulebygg, som skal huse barnesteget, SFO og administrasjonen ved skulen. Ungdomssteget får frå skulestart 2021 ta i bruk eit renovert bygg, som ligg på same området. Som ny rektor ved barne- og ungdomsskulen vil du få moglegheit til å vere med og utvikle skulen i heilt nye bygg, med dei moglegheitene dette gjev for pedagogisk utviklingsarbeid.

 

Rektor sitt arbeids- og ansvarsområde:

  • Fag-, økonomi- og personalansvar for verksemda
  • Deltakar og pådrivar i samhandlinga i ulike samarbeidsfora med elevar, foreldre og lokalsamfunn
  • Inngå i leiarteamet til skulesjefen
  • Rapporterer til skulesjefen

Vi søkjer ein leiar som:

  • Har ambisjonar som skuleleiar
  • Har ei strukturert arbeidsform med krav til god kvalitet og resultat
  • Er samarbeids- og serviceorientert med tydelig kommunikasjonsform
  • Har evne til å myndiggjere, inspirere og motivere medarbeiarane i skulen og SFO
  • Er handlekraftig, løysingsorientert og kreativ
  • Har høg arbeidskapasitet, halde god oversikt og takle stress i ein travel skulekvardag
  • Er ein skuleleiar som kan bygge gode relasjonar til både elevar og medarbeidarar, og som evner å skape eit godt skule- og arbeidsmiljø
  • Har relevant utdanning på høgskole- og eller universitetsnivå
  • Har rektorutdanning eller anna leiarutdanning på høgskulenivå, eller vere villig til å ta dette innan kort tid
  • Har relevant leiarerfaring og praksis frå skule


Vi tilbyr:

  • Nært samarbeid med leiarar for dei øvrige verksemder innanfor tjenesteområdet
  • Kunnskapsrike og engasjerte medarbeidarar
  • Lønn etter avtale og god pensjonsordning i SPK

 

Nærare opplysningar om stillinga kan bli gitt ved å henvende seg til skulesjef Aina Øyen Henden på tlf. 48891938 eller på e-post: aina.henden@rauma.kommune.no

Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. 

 

Søknad sendast

Rauma kommune tek berre imot elektroniske søknader. Dette betyr at berre søknader sendt elektroniske vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer din CV med utdanning og kompetanse. 

Du kan kontakte lønn-/personal for rettleiing om elektronisk søknad, tlf. 94807867 (tirsdag-torsdag 9-11.30), evt pr. mail lonn@rauma.kommune.no. 

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarliste, samt at ved tilsetting i stillingar innan barnehage/oppvekst er det krav om politiattest ikkje eldre enn tre månader. Politiattest krevjast berre av søkar som får tilbod om stilling, og den skal derfor ikkje sendast med.

 

  • Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    08.09.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6300, ÅNDALSNES
    RAUMA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3959446
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 01.07.2021