• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3780220
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 30.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Rektor - Leikanger ungdomsskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga

Me søkjer rektor ved Leikanger ungdomsskule frå 1. september 2021 med moglegheit for overlapping frå 10. august. Skulen ligg fint til like ved Sognefjorden på Leikanger. Her kan ein driva fysisk aktivitet både i og ved fjorden. Skulen har pedagogisk entreprenørskap som ein del av verksemda. Samarbeid med lokalsamfunnet - arbeidsplassar, lag, organisasjonar og ressurspersonar - gjennom partnarskapsavtalar vert vektlagt. Leikanger ungdomsskule har delteke i mange internasjonale prosjekt, har fast samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og er ein av lærarutdanningsskulane i regionen.

 

Som rektor på Leikanger ungdomsskule skal du leia omlag 20 tilsette som brenn for dei om lag 130 elevane frå 7. til og med 10. trinn. Alle på skulen skal møtast med respekt og positivitet som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.

 

Skulen er også ein del av ein større heilskap – Sogndalsskulen. Som rektor er du også ein del av fellesskapet for skuleleiarar i ein ny og relativt stor organisasjon. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og dine tilsette sikra god kvalitet og utvikling for elevane uavhengig av kvar ein bur i den langstrekte kommunen.

 

Me søkjer ein relasjonssterk, utviklingsorientert og inkluderande leiar som kan vera med å realisera Leikanger ungdomsskule som ein framtidsretta skule.

 

Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver: 

· Pedagogisk utviklingsarbeid gjennom profesjonsfellesskap og samarbeid.

· Samspel med elevar, foreldre og samarbeidspartar.

· Elevane sitt læringsmiljø

· Personalansvar og oppfølging av dei tilsette.

· Økonomiansvar og administrasjon

 

Kvalifikasjonar:

· Relevant høgare pedagogisk utdanning og leiarerfaring.

· Ynskje om formell leiarutdanning

· God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

· Ynskje om at ein har kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa.

· Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.

 

Personlege eigenskapar:

· Har gode leiareigenskapar og evne til lagarbeid

· Er genuint interessert i utviklingsarbeid og kan leia prosessar

· Har evne til å laga system og arbeida strukturert, tydeleg og målretta

· Har god samarbeidsevne

· Har gode relasjonar til elevar, tilsette og samarbeidspartar

· Kan arbeida effektivt, nøyaktig og sjølvstendig

· Evne til overordna og heilskapleg tenking knytt til skulen si utvikling og drift (metaperspektiv)

· Har evne til å spreia motivasjon, humor og arbeidsglede

· Fleksibel, tilpassingsdyktig med evna til å handtere nye utfordringar

 

Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Spanande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende

· Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling

· Gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3780220
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 30.04.2021