• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    14.12.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5448679
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 06.12.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Rektor Kvåle skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me er på jakt etter deg som ønskjer å bli den nye rektoren Kvåle skule. Me treng deg som vil ta i vare ungdommar og tilsette som har kvardagen sin på skulen. Me leitar etter deg som ønskjer å møte tilsette og elevar med respekt og positivitet.  

I Sogndal kommune er me oppteken av å ha tillitsbasert leiing då me har tru på at det vil gje eit godt og trygt læringsmiljø for elevar og tilsette.  

Skulen er ein viktig del av ein større heilskap – Sogndalsskulen. Som rektor er du ein del av dette fellesskapet. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og dine tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle elevane i den langstrakte kommunen vår.  

Sogndal kommune har verdiane S (samskapande) O (open), G (god) og N (nysgjerrig). Leiaren me søkjer må vere motivert til å utvikle skulen etter desse verdiane.  

Me har også spurt dei tilsette og elevane om kva rektor og leiar dei ønskjer seg.  

 

Elevane på Kvåle ønskjer at ein rektor skal vere 

  • god til å lytte 

  • rettferdig 

  • vise omsorg for elevane  

  • oppteken av elevane sin medverknad 

  • oppteken av fysisk aktiv læring 

  • fokusert på å gje høg kvalitet på opplæringa 

 
Dei tilsette ønskjer seg ein rektor som  
  • er god på å bygge relasjonar 

  • kommuniserer godt og tydleg  

  • jobbar strukturert med stort engasjement  

  • er open og lyttar til dei tilsette gjennom å legge til rette for medverknadsprossesar  

Det er viktig for oss at elevar og tilsette får desse forventningane innfridd og me ynskjer oss nokre av desse personlege eigenskapane.  

  

Som rektor ved Kvåle skule vil dette vere nokre av arbeidsoppgåvene dine:   

  • Den viktigaste oppgåva di vil bli å møte mangfaldet skulen med tryggleik og profesjonalitet.  

  • Følgje opp elevar og tilsette i deira sitt læringsmiljø.  

  • Leie pedagogisk utviklingsarbeid gjennom profesjonsfellesskap og samarbeid.   

  • Samspel med ulike institusjonar og nærmiljøet.   

  • Personalansvar og oppfølging av dei tilsette.   

  • Økonomiansvar og  administrasjon.  

   

For å kunne jobbe som rektor er det viktig at du har desse formelle kvalifikasjonane: 

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning og leiarerfaring.   

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.  

  • Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.  

  

Me kan tilby deg: 

  • Ein jobb som vil utfordre deg samtidig som den vil gi deg mykje 

  • Sogndal kommune har gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Sentral plassering av skulen gir deg gode moglegheiter for samskaping med resten av miljøet på Campus Sogndal 

 

Dersom du vil vere med på å gjere ein forskjell for ungdommane i Sogndal, må jobben som rektor på Kvåle skule vere det rette for deg.  

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    14.12.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5448679
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 06.12.2023