• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    04.07.2022
  • Stillingsfunksjon:
    Heiltid/Deltid
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4671258
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
Ledig stilling

Vestnes kommune

Rektor/Einingsleiar - 100 % fast - Vestnes kulturskule

Offentlig forvaltning

Stillingstype

Vestnes kommune søkjer etter ein utviklingsorientert og samlande rektor/einingsleiar for Vestnes kulturskule. Rektor vil ha personalansvar og budsjettansvar for Kulturskulen, Frivilligsentralen, Biblioteket og Myra kulturbygg m/behandlingsbasseng.

Som einingsleiar vil du ha ansvar for det samlande arbeidet på kulturfeltet i kommunen. Kultureininga i Vestnes er aktiv og framoverlena når det gjeld å skape aktivitet og gode opplevingar for innbyggarane i kommunen. Eininga samarbeider med næringsforum og andre aktørar om utvikling av Vestnes som ein attraktiv stad å busette seg, og har mellom anna ansvar for «velkomstpakke for nye innbyggarar», samt utvikling og drift av nettsida www.ivestnes.no.  

Vestnes kulturskule arbeider under visjonen «Kulturskule for alle.», og rammeplan for kulturskulen - Mangfald og fordjuping- er styrande for kulturskulen si verksemd. Kulturskulen samarbeider tett med korpsa i kommunen i form av instrumentopplæring og sal av dirigentteneste. Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken samt UKM ligg og under kulturskulen sitt ansvarsområde. Kulturskulen er i startgropa på eit utviklingsarbeid innan kulturskulebasert vurdering for læring, og som rektor vil du få ei sentral rolle i dette arbeidet.  

Arbeidsoppgåver
-Ansvar for det samlande arbeidet på kulturfeltet i kommunen
-Oppfølging av ulike prosjekt
-Personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
-Forvaltning og kvalitetsutvikling
-Økonomistyring og resultatkontroll
-Samarbeid med andre kommunale einingar, kulturlivet og næringsliv

Kvalifikasjonar

-Minimum 3 -års relevant høgskuleutdanning
-Formell pedagogisk utdanning
-Leiarutdanning er ønskeleg
-Leiarerfaring frå kulturskule er ønskeleg
-God fagleg kunnskap om kulturområdet
-God framstillingsevne, både skriftleg og munnleg. Må meistre både nynorsk og bokmål

-Gode IKT-kunnskapar
-Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
-Beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2

Personlege eigenskaper

-Kan motivere og inspirere tilsette innanfor eit breitt arbeidsfelt

-God på dialog og kommunikasjon 
-Kan vere synleg i møte med elevar, tilsette og føresette
-Har evne til å etablere godt samarbeid mellom partane i kulturlivet og til å skape gode relasjonar
-Har evne til å leggje til rette for innovasjon og nyskaping
-Har evne til å planlegge og gjennomføre tiltak
-Kan arbeide strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft

Personlege eigenskapar blir og vektlagt.

 Vi tilbyr

- Eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer

- Ein arbeidsplass med fokus på utvikling

- Tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.

- Ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

- Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.

Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

 
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

 

Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju

 

Referansar

Oppgi referansar

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

Søknadsfrist    04.07.2022                                 Utlyst dato        15.06.2022                           Vår ref.               

 

Kontaktperson

Knut Øyvind Hoem, Kommunalsjef oppvekst, tlf. 48272458, knut.hoem@vestnes.kommune.no

 

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    04.07.2022
  • Stillingsfunksjon:
    Heiltid/Deltid
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4671258
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune