• Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    27.03.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5044316
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
  • Updated 24.03.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Aukra kommune

Rektor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stillinga som rektor er ledig frå 01.08.2023. Å vere einingsleiar på ein 1-10 skole i god vekst er ei spennande leiaroppgåve. Skolen gir også opplæringstilbod til ungdomsskoleelevar frå Jendem og Aureosen i Hustadvika kommune. Skolen har om lag 250 elevar og 50 tilsette, og ligg fint til på fastlandsdelen av Aukra kommune, ca. 15 min frå Molde sentrum. Aukraskolen prioriterer utviklingsarbeid gjennom satsing på COS og tilknytingspsykologi, og samarbeider med NTNU for å utvikle lese- og skriveopplæringa.

Oppgåver
Rektor er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Vi har forventningar til at du
• vidareutviklar eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø
• er pådrivar for godt samspel med elevar, foreldre, tillitsvalde og nærmiljø
• veit at dei tilsette er skolen sin viktigaste ressurs og er opptatt av å rekruttere, utvikle og behalde nødvendig kompetanse
• er ein lagbyggar og utøver god personalleiing
• forvaltar skolen sine totale ressursar innanfor vedtekne rammer
• er initiativtakar til godt og tverrfagleg samarbeid om barn og unge sin oppvekst
• bidreg til samhandling på tvers av einingane i kommunen
• evner å ta eit heilskapleg ansvar i kommunedirektøren si leiargruppe
• er inspirerande, engasjert, initiativrik og har godt humør

Krav til søkar
Vi søker ein inkluderande og utviklingsorientert skoleleiar med pedagogisk utdanning og erfaring, og helst også formell kompetanse i skoleleiing. Du har stor arbeidskapasitet, og di arbeidsform er systematisk og strukturert. Personlege eigenskapar vert vektlagde. Som leiar er du synleg og tydeleg, og legg til rette for samskaping og gode prosessar. Du må ha gode kommunikasjonsevner, og evne til å ta avgjersler. Du har høge ambisjonar for elevane, dei tilsette og skolen. Du kan bruke nynorsk som målform.

Vi tilbyr
Ein utviklande og spennande jobb i eit ungt skolemiljø med dyktige medarbeidarar.
Ei leiargruppe som vil ta vel imot deg, og gje deg plass.
Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandeling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk
søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" innan søknadsfristen 27.mars.

Kontakt
Kommunalsjef Jan Erik Hovdenak, tlf 924 14 627 eller kommunedirektør Gerd Marit Langøy, tlf. 915 71 540.

 

  • Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    27.03.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5044316
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
  • Updated 24.03.2023