• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    26.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4653830
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 22.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Rektor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga 

Me søkjer rektor ved Sagatun skule frå kommande skuleår. Skulen ligg idyllisk til i bygda Balestrand med stort uteområde og utsikt utover Sognefjorden og med skogen og Balestrandsfjella like bak. Du møter spennande natur kor du snur deg og eit nærområde som innbyr til variert og inkluderande opplæring. 

Som rektor ved Sagatun skule skal du leia omlag 20  tilsette som brenn for elevane. Tal elevar ligg på om lag 115  frå 1. til og med 10. trinn. Elevane kjem frå Fjordane, Dragsvik, utover mot Nessane og frå sentrum i Balestrand  Alle på skulen skal møtast med respekt og positivitet som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.  

Skulen har godt kvalifiserte lærarar og tilsette som samarbeider på dei ulike trinna. Sagatun tilbyr skulefritidsordning for elevane på 1.- 4.trinn. Skulen  samarbeider med idrettslaget og Sygna vgs om bruk av idrettsbana, Kreklingen stadion og idrettshallen, Belehalli.  Bygda Balestrand har også mykje å by på innanfor  friluftsliv, kunst og kultur. Det er berre kreativiteten som set grenser for å utnytte bygda sine ressursar i opplæringa.  

Skulen er også ein del av ein større heilskap – Sogndalsskulen. Som rektor er du også ein del av fellesskapet for skuleleiarar i ein ny og  relativt stor organisasjon. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og dine tilsette sikra god kvalitet og utvikling for elevane uavhengig av kvar ein bur i den langstrakte kommunen.  

 Me søkjer ein relasjonssterk og inkluderande leiar til å leia Sagatun skule vidare.  

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Pedagogisk utviklingsarbeid gjennom profesjonsfellesskap og samarbeid.  

  • Samspel med elevar, foreldre og nærmiljø.  

  • Elevane sitt læringsmiljø 

  • Personalansvar og oppfølging av dei tilsette.  

  • Økonomiansvar og  administrasjon  

 

Kvalifikasjonar: 

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning og leiarerfaring.  

  • Ynskjer om formell leiarutdanning  

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. 

  • Ynskje om at ein har kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa.  

  • Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk  med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.  

 

Personlege eigenskapar: 

  • Gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ  

  • Evne til å jobba både i team og sjølvstendig. 

  • Strukturert, tydeleg og målretta 

  • Stor arbeidskapasitet  

  • Fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til  å handtere nye utfordringar 

  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg 

Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar. 

 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • Spanande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende  

  • Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Berre søknadar mottekne innan fristen, og levert via EasyCruit, vert vurderte. 

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    26.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4653830
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 22.06.2022